Prøveval er val der valresultatet ikkje er gjeldande. Hovudmålet med slike val er gjerne deltakinga, som kan brukast til å gje prøveveljarar opplæring i det å velja, og politikarar høve til å øva seg på valkamp. Skuleval er ei vanleg form for prøveval som gjer det mogleg for ungdom like under stemmerettsalder å øva seg på å stemma. Ved nyinnføring av demokratiske styreformer kan ein også halda prøveval, slik det blei gjort i Bhutan i 2007 før valet til nasjonalforsamling i 2008.

David Irving som kandidat til eit skuleval ved Brentwood School i 1955.
Spire Denne samfunnsartikkelen som har med utdanning å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.