Prakthette
Prakthette (Mycena floridula) er ein mellomstor hettesopp med raud til rosa hatt. Hatten bleiknar mot gulkvit, ofte med eit rosa skjær; og er 0,5–1,5 centimeter på tvers.
Prakthette | |
Prakthette | |
Systematikk | |
Rike: | Soppriket Fungi |
Underrekkje: | Hymeniesoppar Agaricomycotina |
Klasse: | Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes |
Underklasse: | Agaricomycetidae |
Orden: | Skivesoppordenen Agaricales |
Familie: | Mycenaceae |
Slekt: | Hettesoppar Mycena |
Art: | Prakthette M. floridula |
Vitskapleg namn | |
Mycena floridula |
Prakthette veks i det same habitatet som elfenbeinhette, som ho òg liknar når ho bleiknar. Somme har rekna prakthette som eit rosa avbrigde av elfenbeinhette og vidare studiar trengst for å avklåra om det er tale om to ulike artar.
Prakthette veks i grupper mellom gras og mose om sumaren og hausten. Arten er relativt sjeldan i Noreg.
Kjelder
endre- Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artiklane Prakthette - Mycena floridula og Mycena floridula skrivne av Arne Aronsen. Artiklane vart utgjevne av Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo under lisensen CC BY 3.0. Henta 5. juli 2016.