Predictable av The Kinks

Predictable
Singel av The Kinks
frå albumet Give the People What They Want
B-side

«Back to Front» (Storbritannia)
«Art Lover» (Nederland)

Utgjeve 30. oktober 1981
Innspelt Mai 1979 – juni 1981
Studio Konk Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 3:31
Selskap Arista ARIST 426 (Storbritannia)
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
«Better Things»
(1981)
Predictable «Come Dancing»
(1983)


«Predictable» er ein song av The Kinks frå 1981 på albumet Give the People What They Want. Songen vart skriven av Ray Davies.

Tekst endre

Teksten på «Predictable» skildrar det monotone i livet til ein vanleg mann. Men songaren har håp om at det ein dag skal bli betre. Som mange andre songar av Davies er det ein sarkstisk kommentar om livet i mellomklassen.

Utgjeving endre

«Predictable» vart først gjeven ut i Storbritannia på singel, i lag med B-sida «Back to Front». Singelen selde ikkje godt, trass i at den førre singelen, «Better Things», hadde blitt populær. I USA vart songen berre gjeven ut på albumet, og ikkje på singel.

Robert Christgau sa at songen «Predictable» («Føreseieleg») var «sjølvoppfyllande», og indikerte at songen ikkje var særskild unik.[1]

Musikkvideo endre

For å marknadsføre songen spelte Ray Davies inn ein video for «Predictable» i London. Davies er den einaste som er med i video, og går i forskjellige klesstilar frå 1930- til 1980-åra.[2] Vidoeen var produsert av Michael Hamlyn, og regissert av Julien Temple. Videoen vart første gongen vist på MTV i desember 1981.[2] Videoen var den første av mange The Kinks filma.[2]

Kjelder endre

  1. Christgau, Robert. «The Kinks». Henta 27. april 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Hinman, Doug. All Day and All of the Night.