Come Dancing
Singel av The Kinks
frå albumet State of Confusion
B-side

«Noise»

Utgjeve 19. november 1982
Innspelt Oktober 1982
Studio Konk Studios i London
Sjanger Poprock
Lengd 3:54
Selskap Arista
Tekstforfattar Ray Davies
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
Britisk The Kinks-kronologi 
«Predictable»
(1981)
Come Dancing «Don't Forget to Dance»
(1983)
Amerikansk The Kinks-kronologi
«Better Things»
(1981)
Come Dancing «Don't Forget to Dance»
(1983)


«Come Dancing» er ein song frå 1982 skriven av Ray Davies og framført av den engelske rockegruppa The Kinks i 1983 på albumet deira State of Confusion. Songen var inspirert av minne om den eldre systera til Davies, Rene, som døydde av hjarteinfarkt medan ho dansa, då Ray berre var 13 år gammal. Teksten, sungen frå perspektivet til ein gateseljar i East End, handlar om syster til guten som går på dans med forskjellige menn.[1]

Då han først kom ut på singel i Storbritannia i november 1982 selde han heller dårleg. Sjølv om Arista Records-sjefen Clive Davis var motvillig til å gje ut songen i USA på grunn av det engelske temaet med dansehallar, kom han likevel ut på singel i Amerika i april 1983. «Come Dancing» klatra heilt til sjetteplassen på Hot 100 og vart den bestseljande singelen deira i USA på over ti år og tangerte rekorden til «Tired of Waiting for You» for den høgaste plasseringa deira i USA. Musikkvideon til songen, regissert av Julien Temple, vart mykje spelt på MTV og var medverkande til at songen nådde å høgt. På grunna av den amerikanske suksessen, vart singelen gjeven ut på ny i Storbritannia. Han nådde då 12. plassen på den britiske singellista.

Songen har sidan blitt gjeve ut på mange samlealbum. Oppfølgjaren, «Don't Forget to Dance», vart òg ein hit i USA. Come Dancing, ein musikal skriven av Ray Davies, hadde premiere i 2008 og var kalla opp etter songen.

Bakgrunn endre

«Come Dancing» er ei hyllest til storesystera til Davies-brørne, Rene. Ho budde i Canada med ein ektemann som visstnok mishandla ho. Ho var 31 år gammal då ho vitja foreldra i Fortis Green då Ray Davies fylte 13 år - 21. juni 1957. Ho overraska Ray med ein spansk gitar som han hadde prøvd å overtale foreldra til å kjøpe til han.[2] Rene hadde svakt hjarte på grunn av giktfeber i barndommen og same kvelden døydde ho var eit hjarteinfarkt medan ho dansa i Lyceum.[2][3]

[Rene] døydde medan ho dansa i ein ballsal i London i armane på ein framand. ... Ho kom eigentleg attende frå Canada, der ho budde på den tida, for å døy, og igjen, ho vart ei inspirasjonskjelde. Ho gav meg den første gitaren min, som verkeleg var ei stor avskjedsgåve.

– Ray Davies[4]

Davies sa seinare at popsongen[5] var eit forsøk på å gå attende til den «varmare» stilen dei hadde hatt før dei vart eit arenarock-band og sa: «eg ønskte å få attende noko av varmen eg meinte me hadde tapt då me gjorde dei stadioturneane. 'Come Dancing' var eit forsøk på å gå attende til røtene, om minnet av systera mi som dansa i 50-åra.»[6] Songen er eit nostalgisk attendeblikk på barndomsminna til låtskrivaren:[7] Davies minnast storesystera som går på stemnemøte i lokale dansehallar der storband spelte.

Låtkriving og innspeling endre

I eit intervju i 1983 sa Davies at det gjekk kjapt å skrive songen, men at ideen hadde vore i hovudet hans i lang tid.[8] Han skal ha byrja å skrive songen i mars 1982 på ein flytur heim frå Tokyo på eit nytt Casio-klaverinstrument han hadde kjøpt.[9] Songen var skriven ferdig i London i oktober.[9] Forfattaren Nick Hasted hevda at songen vart skriven «for å nå ut til den tapte Kinks-fansen i Storbritannia».[10]

Ein demo for songen vart spelt inn i Konk Studios i oktober 1982.[9] Same månaden vart songen spelt inn for albumet.[9] Dave Davies hevda at songen vart fullført dagen etter ein intens krangel med broren Ray.[9]

Davies syng songen med ein kraftig britisk aksent, og hevda han «prøvde å halde på engelskheita».[11] Han vart beden om å syngje meir «amerikansk», noko han avslo. Han fortalte «Då The Kinks spelte inn 'Come Dancing,' som vart ein stor hit i Statane, bad faktisk plateselskapet meg om å syngje songen med ein meir amerikansk aksent. Eg berre nekta.»[12] Davies snakka om trommespelinga til Mick Avory og sa «Berre hald Mick Avory nervøs, så for du verkeleg bra framføringar frå han. Han er ansvarleg for nokre av dei mest komiske trommepartia. Trommevirvlinga hans til 'Come Dancing,' ... han er fullstendig ein takt for seint. Det var absolutt ikkje planlagt, og det er det som er så magisk.»[6][10]

Utgjeving endre

Då neste singelen til The Kinks skulle ut, pressa Ray Davies på for at det skulle bli «Come Dancing» og ikkje «Don't Forget to Dance», som var blitt føreslått av plateselskapet som den første singelen frå State of Confusion.[9] Den britiske avdelinga til Arista Records godtok dette valet og gav songen ut på 7- og 12-tommar den 19. november 1982 med «Noise» som B-side.[9] Clive Davis var opphavleg motvillig. Davies hugsar at Davis «ikkje ønskte å gje ut songen fordi han for engelsk».[11]

Singelen kom omsider ut i USA den 21. april 1983 etter Davis var overtydd om suksessen til musikkvideoen til songen og det imponerande salet i USA av importerte kopiar av singelen.[13] Musikkvideoen til songen vart mykje spelt på MTV, noko som gav salet nok drivkraft til songen gjekk inn på Billboard Hot 100 i mai og klatra inn på topp 40 i juni 1983. Den 11. juli nådde songen sjetteplassen.[14] «Come Dancing» vart den høgaste plasseringa til bandet i USA, likt med «Tired of Waiting for You» frå 1965.[9]

«Come Dancing» kom ut på ny i juli 1983 i Storbritannia, etter den store populariteten i Amerika, og forseinka dermed den britiske oppfølgjaren «Don't Forget to Dance» i prosessen.[15] Songen nådde 12. plassen på UK Singles Chart den 27. august 1983.[9] The Kinks mima til songen på Top of the Pops den 24. september 1983. Dette var første gongen bandet var på showet sidan 1972.[16] Den 27. oktober 1983 fekk Davies prisen for ein av dei mest spelte songane i 1983 av ASCAP.[16] «Don't Forget to Dance» vart seinare gjeven ut som oppfølgjaren og nådde 29. plassen i USA.[7]

Trass i suksessen til singelen, vart det ein av dei siste hittane til Kinks i både Storbitannia og Amerika, og enda comebacket som bandet fekk seint i 1970-åra og tidleg i 1980-åra. Davies sa i 1996, «Eg ønskte å slutte i 1984, etter 'Come Dancing.' Eg følte det var slutte på ein æra for Kinks og eg ønskte å stoppe tredemølla og ta eit steg attende og revurdere alt i saman, men me hadde eit album til me måtte levere. Det verka som me alltid hadde eit nytt album å levere.»[17] Mick Avory slutta i bandet i 1984, eit år etter «Come Dancing» var ein hit i USA. Han sa seinare «Eg syns å slutte etter den store hitten med 'Come Dancing' var ei fin måte å slutte på.»[18]

Musikkvideo endre

Musikkvideoen til «Come Dancing» vart filma i november 1983 i Ilford Palais i Essex.[9][10] Videoen vart produsert av Michael Hamlyn og regissert av Julien Temple, med koreografi av Jim Cameron.[9] Dave Davies sa seinare om Temple, «Julian var ein poserande dust, og gjekk kring i ei pelskåpe som om han var Orson Welles, sjølv om han berre filma ein musikkvideo.»[19] Lokale fans av bandet var med som publikum.[9] Videoen vart først send i Storbritannia i desember 1982 på The Tube, eit show på Channel 4 vart òg sendt på MTV første gongen den 25. mars 1983.[9]

I videoen vert teksten nytta som historie.[9]

Medverkande endre

Personnel per Doug Hinman.[9]

The Kinks

Andre musikarar

  • John Beecham - trombone
  • Noel Morris - trompet
  • Andy Hamilton - tenorsaksofon
  • Alan Holmes - barytonsaksofon
  • Kate Williams - talte ord

Salslister endre

Vekeslister endre

Liste (1982–83) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[20] 18
Canada RPM Singles[21] 6
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[22] 25
Nederland (Mega Single Top 100)[23] 29
Irland (IRMA)[24] 4
Sveits (Schweizer Hitparade)[25] 13
UK Singles (Official Charts Company)[26] 12
US Billboard Hot 100[7] 6
US Billboard Adult Contemporary[27] 16

Årslister endre

Liste (1983) Plassering
Canada RPM Singles[28] 38
US Billboard Hot 100[29] 63

Kjelder endre

  1. Harper, Simon. «King Kink - Ray Davies Interview». Clash Music. Henta 27. april 2018. 
  2. 2,0 2,1 Jacobs, Alan. «Come Dancing». The American Conservative. American Ideas Institute. Arkivert frå originalen 6. februar 2017. Henta 27. april 2018. 
  3. Kitts 2008, s. 11–12.
  4. «Naive, Yet Revolutionary: Ray Davies On 50 Years Of The Kinks». NPR Music. Henta 27. april 2018. 
  5. Hickey 2012, s. 157.
  6. 6,0 6,1 «Ray Davies - Album By Album». Uncut. Henta 27. april 2018. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «The Kinks awards on Allmusic». AllMusic. Henta 2. juli 2013. 
  8. Goodman, Mark (interviewer) (1983). Groovy Movies (Television production). MTV. 
  9. 9,00 9,01 9,02 9,03 9,04 9,05 9,06 9,07 9,08 9,09 9,10 9,11 9,12 9,13 9,14 Hinman 2004, s. 260.
  10. 10,0 10,1 10,2 Hasted 2011.
  11. 11,0 11,1 Jurgensen, John (10. juni 2011). «Well-Respected Man». The Wall Street Journal. 
  12. Lifton, Dave. «Ray Davies Doesn't Like Being Called an 'English Artist'». Ultimate Classic Rock. Henta 27. april 2018. 
  13. Hinman 2004, s. 260–262.
  14. Hinman 2004, s. 265–266.
  15. Hinman 2004, s. 266.
  16. 16,0 16,1 Hinman 2004, s. 267.
  17. DeMuir, Harold. «After three decades of classic pop and internal turmoil, the Kinks are still not like everybody else.». davedavies.com. Pulse Magazine. Arkivert frå originalen 23. september 2015. Henta 27. april 2018. 
  18. ««Not Many Drummers from West Molesey Have Done That!» - The Mick Avory Interview: Part 2». kastoffkinks.uk. Henta 8. mai 2015. 
  19. Jovanovic 2014, s. 243.
  20. "Ultratop.be – The Kinks – Come Dancing" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  21. «Top Singles - Volume 38, No. 22, 30. juli 1983». RPM. Henta 4. mai 2015. 
  22. "Nederlandse Top 40 – week 21, 1983" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40.
  23. "Dutchcharts.nl – The Kinks – Come Dancing" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  24. "The Irish Charts – Search Results – Come Dancing". Irish Singles Chart. Retrieved 13. juni 2015.
  25. "The Kinks – Lola – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  26. «KINKS». Official Charts Company. Henta 4. mai 2015. 
  27. Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 131. 
  28. «Top 100 End of Year CAN Charts - 1983». 
  29. «Top 100 End of Year US Charts - 1983». Arkivert frå originalen 29. november 2013. Henta 3. januar 2011. 

Bakgrunnsstoff endre