Better Things
Singel av The Kinks
frå albumet Give the People What They Want
B-side

«Massive Reductions» (Storbritannia)
«Yo-yo» (USA)

Utgjeve 19. juni 1981 (Storbritannia)
28. november 1981 (USA)
Innspelt April 1981
Studio Konk Studios i London
Sjanger Pop[1]
Lengd 2:44
Selskap Arista ARIST 415 (Storbritannia)
Arista AS 0649 (USA)
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
Britisk The Kinks-kronologi 
«Pressure»
(1979)
Better Things «Predictable»
(1981)
Amerikansk The Kinks-kronologi
«Destroyer»
(1981)
Better Things «Come Dancing»
(1983)


«Better Things» er ein song av The Kinks, gjeve ut på singel i juni 1981 i Storbritannia og i november 1981 i USA.[2] Ein litt kortare versjon av songen kom seinare ut på albumet Give the People What They Want.

Songen vart skriven av Ray Davies om mislukka ekteskap og kom til under innspelinga av Low Budget. Songen var ferdig i 1981 og gjeven ut på singel. Singelen nådde 42. plassen i Storbritannia og 92. plassen i USA. Dette var den første singelen deira på den britiske singellista sidan 1972.

Bakgrunn endre

«Better Things» vart skriven av Ray Davies i New York City om det skrantande ekteskapet hans med den andre kona hans, Yvonne.[3] Davies har fortalt Jeff Tamarkin i The Aquarian Weekly at han på den tida var deprimert.[3]

Songen vart spelt inn på ny for Give the People What They Want i april 1981.[3]

Utgjeving endre

Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i Storbritannia. Dei første eksemplara av singelen kom med ein ekstra 7"-plate som inneheldt konsertversjonar av «Lola» og «David Watts», som begge vart spelte inn på amerikanske turnear i 1979 og 1980. B-sida i Storbritannia var «Massive Reductions», som ikkje var med på albumet. Ein annan, kortare versjon av «Massive Reductions» kom ut i 1984 på albumet Word of Mouth. «Better Things» nådde 46. plassen på UK Singles Chart og var den første singelen deira på lista sidan «Supersonic Rocket Ship» i 1972.

I USA vart «Destroyer» gjeven ut i september som den første singelen frå albumet, og «Better Things» vart den andre singelen frå albumet i november. «Better Things» nådde 12. plassen på Billboard Rock Top Tracks-lista og 92. plassen på Billboard Hot 100, litt lågare enn «Destroyer».

I september 2010 gav Ray Davies ut albumet See My Friends med omarbeidde, klassiske Kinks-songar. Her finst ein duett med Bruce Springsteen på «Better Things».

I 2011 kåra American Songwriter «Better Things» til deira favorittsong om å gjere det slutt.[1]

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «The 30-Day Song Selection Spectacular: #4, Favorite Breakup Song». The 30-Day Song Selection Spectacular: #4, Favorite Breakup Song. American Songwriter. Henta 14. juni 2012. 
  2. «Better Things». Kinks.it.rit.edu. Arkivert frå originalen 4. januar 2009. Henta 27. april 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Hinman, Doug. All Day and All of the Night.