Predrag Mijatović

montenegrinsk fotballspelar

Predrag Mijatović (fødd 19. januar 1969), ofte berre kalla Peđa, er ein tidlegare montenegrinsk fotballspelar frå Podgorica. Han spelte 73 landskampar for Jugoslavia og skåra 27 mål. Han spelte for Budućnost, Partizan, Valencia, Real Madrid, Fiorentina og Levante. På klubbnivå vann han seriemeisterskap med Partizan i 1993 og også jugoslavisk cup med klubben i 1989 og 1992. Med Real Madrid vann han seriemeisterskapen i 1997 og spansk supercup same året og han vann Meisterligaen i 1998 etter å ha skåra sigersmålet mot Juventus. Med Jugoslavia deltok han i VM i 1998 og i EM i 2000.

Predrag Mijatović
Predrag Mijatović 2007 b.jpg
Mijatović i 2007
Personleg informasjon
Fullt namn Predrag Mijatović
Fødd 19. januar 1969 (51 år)
Fødestad Titograd i Jugoslavia (no Montenegro)
Høgd 178 cm
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1987-1989 Budućnost Titograd 73 (10)
1989-1993 Partizan 104 (44)
1993-1996 Valencia 104 (56)
1996-1999 Real Madrid 90 (29)
1999-2002 Fiorentina 42 (4)
2002-2003 Levante 21 (3)
Totalt 434 (146)
Landslag
1989-2003 Jugoslavia 73 (27)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KjelderEndra