Opna hovudmenyen

Preludium og fuge i Ess-dur, BWV 552

Preludium og fuge i Ess-dur
BWV 552
Preludium og fuge av Johann Sebastian Bach
Sjanger Orgel
Periode Barokken
Komponert Kanskje 1739
Publiseringsdato 1739
Typisk lengd 15:08
Satsar 2

Preludium og fuge i Ess-dur eller 'St. Anne', BWV 552, er eit omfattande orgelverk av Johann Sebastian Bach og eit av dei beste døma på Bachs bruk av religiøse symbol.[1] Verket vert kalla St. Anne-fugen fordi dei første taktane i fugen liknar den første linja i salmen St Anne (melodien til 'Å Gud, vårt vern i farne år'). Ein kjenner ikkje til at Bach skal ha kjent til denne britiske salmen av William Croft, som på denne tida ikkje vart sungen utanfor Dei britiske øyane.[2]

Verket vart publisert i Del III av Bachs Clavier-Übung (tyder «Klaverøving»), som først vart publisert i september 1739. Dette var den første store publikasjonen til Bach.

ReferansarEndra

  1. Decca Publication No. 443 485-2
  2. Michael Jameson. «Prelude and Fugue, for organ in E flat major ("St. Anne;" Clavier-Übung III/26), BWV 552 (BC J16))». Allmusic. Henta 23. april 2010.