Rajya Sabha (sanskrit for 'stat-samling') er overhuset i det indiske parlamentet (Sansad). Overhuset har 245 representantar som hovudsakleg sit i seksårsperiodar. Desse er arrangerte slik at ein tredel av periodane ender kvart andre år. Dei fleste medlemmene blir valde inn av dei ulike territorium- og delstatsforsamlingane, men 12 medlemmer blir peikte ut av presidenten i India for bidrag til kunst, kultur, vitskap og samfunn. Visepresidenten i India er ordstyrar for kammeret.

Representantar frå Lok og Rajya Sabha høyrer Barack Obama tala i det indiske parlamentet.

Begge kammera kjem saman i den indiske parlamentsbygningen Sansad Bhavan i Delhi. Rajya Sabha har i prinsippet same makt som underhuset Lok Sabha, bortsett frå i budsjettspørsmål. Om kammera er ueinige skal dei ha eit felles møte. Her blir Lok Sabha mektigast ettersom det har rundt dobbelt så mange medlemmer som Rajya Sabha. I India si historie har ein berre halde tre slike fellesmøte, det siste i 2002 for Prevention of Terrorism Act.

Rajya Sabha blei skipa 3. april 1952 og heldt sitt første møte 13. mai same året.

Fordeling av setene i Rajya Sabha

endre

Kammeret kan ha opptil 250 representantar, men har i praksis 245.

Delstat/territorium Representantar
Andhra Pradesh 18
Arunachal Pradesh 1
Assam 7
Bihar 16
Chhattisgarh 5
Goa 1
Gujarat 11
Haryana 5
Himachal Pradesh 3
Hovudstadsterritoriet Delhi 3
Jammu og Kashmir 4
Jharkhand 6
Karnataka 12
Kerala 9
Madhya Pradesh 11
Maharashtra 19
Manipur 1
Meghalaya 1
Mizoram 1
Nagaland 1
Odisha 10
Panjab 7
Puducherry 1
Rajasthan 10
Sikkim 1
Tamil Nadu 18
Tripura 1
Uttarakhand 3
Uttar Pradesh 31
Vest-Bengal 16

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre