Opna hovudmenyen
Pressure
Singel av Billy Joel
frå albumet The Nylon Curtain
B-side «Laura»
Utgjeve 1982
Innspelt Våren 1982, A & R Recording og Media Sound Studios, New York, NY
Sjanger Rock, new wave
Lengd 4:40 (album)

3:16 (singel)

Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi
«She's Got a Way»
(Live)
(1982)
Pressure «Allentown»
(1982)


«Pressure» er ein synthesizer-driven song av Billy Joel frå albumet The Nylon Curtain i 1982. Songen vart gjeven ut som singel og handlar om presset med å skape noko og presset med å vere ein som skal levere.

Singelversjonen er kortare enn albumversjonen. Det tredje verset og det andre mellomspelet er fjerna. Denne versjonen av songen vart gjeven ut på den originale utgåva av Greatest Hits I & II, medan den fulle albumversjonen var med på seinare utgåver, i tilelgg til Complete Hits Collection i 1997.

Det vart laga ein musikkvideo for songen. Eit repeterande motiv i songen er vatn. Videoen vart regissert av Russell Mulcahy og vart første gongen sendt på MTV den 9. september 1982. Fleire scenar i videoen refererer til filmar som A Clockwork Orange og Poltergeist.

ListerEndra

Liste (1982) Plassering
Australia 16
Canada[1] 9
Japan 78
New Zealand 24
U.S. Billboard Hot 100 20
U.S. Billboard Top Rock Tracks 8

KjelderEndra

  1. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 2. september 2013. 

BakgrunnsstoffEndra