Phil Ramone
Philip «Phil» Ramone (5. januar 1934–30. mars 2013) var ein sørafrikansk-amerikansk lydteknikar, plateprodusent, fiolinist og komponist,[2] som i 1958 var med å starte opp A & R Recording, Inc., eit platestudio med forretningspartnaren Jack Arnold i 112 West 48th Street, New York. Suksessen til dette studioet voks til fleire studio og eit plateselskap. Han vart skildra av Billboard som «legendarisk»,[3] og av BBC som ein «CD-pioner».[4]
Phil Ramone | |||
Phil Ramone i Songwriters Hall of Fame den 18. juni 2009 | |||
Fødd | 5. januar 1934[1] | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sør-Afrika | ||
Død | 30. mars 2013 (79 år) | ||
Dødsstad | New York City i New York | ||
Fødenamn | Philip Ramone | ||
Opphav | Brooklyn i New York i USA | ||
Aktiv | 1958–2013 | ||
Sjanger | rock | ||
Instrument | Fiolin | ||
Plateselskap | A & R Recording, Columbia, Warner Bros., Verve, Hear Music, Casablanca | ||
Verka som | Plateprodusent, lydteknikar, musikksjef, komponist, låtskrivar, artist | ||
Prisar | Grammy Award for Best Traditional Pop Vocal Album, Grammy Award for Best Traditional Pop Vocal Album, Grammy Award for Best Traditional Pop Vocal Album, Technical Grammy Award, Grammy Award for Album of the Year, Grammy Award for Best Immersive Audio Album, Grammy Trustees Award, Grammy Award for Album of the Year |
Han har arbeidd med musikarar som George Michael Burt Bacharach, The Band, Bono, Laura Branigan, Ray Charles, Karen Carpenter, Chicago, Peter Cincotti, Natalie Cole, Bob Dylan, Sheena Easton, Melissa Errico, Gloria Estefan, Aretha Franklin, Billy Joel, Elton John, Quincy Jones, Patricia Kaas, B.B. King, Julian Lennon, Shelby Lynne, Madonna, Barry Manilow, Richard Marx, Paul McCartney, George Michael, Liza Minnelli, Anne Murray, Olivia Newton-John, Sinéad O'Connor, Fito Páez, Luciano Pavarotti, Peter, Paul and Mary, June Pointer, André Previn, Diane Schuur, Michael Sembello, Carly Simon, Paul Simon, Frank Sinatra, Phoebe Snow, Rod Stewart, James Taylor, The Guess Who, Dionne Warwick, Stevie Wonder og Nikki Yanofsky. Han er òg kjend for å ha spelt inn Marilyn Monroe sin berusa versjon av «Happy Birthday, Mr. President» til John F. Kennedy.[2][5]
I tillegg til å produsere musikk har Ramone produsert mange konsertar, filmar, musikalar og fjernsynsproduksjonar, som A Star is Born, Walkabout, August Rush, Beyond the Sea, Flashdance, Ghostbusters, Midnight Cowboy, On Her Majesty's Secret Service, Passion, Seussical, Simon and Garfunkel: The Concert In Central Park, Songwriters Hall of Fame Awards, The Score, VH1/BBC Party at the Palace: Queen’s Jubilee Concert og The Good Thief.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Phil Ramone» frå Wikipedia på engelsk, den 21. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Gallo, Phil. «Produsent Phil Ramone dead at 79». Billboard.com. Henta 31. mars 2013.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Biography: Phil Ramone». philramone.com. Arkivert frå originalen 18. mars 2013.
- ↑ Barnes, Mike (21. oktober 2015). «Legendary Produsent Phil Ramone Dies at Age 79». Billboard. Henta 21. oktober 2015.
- ↑ «US music produsent and CD pioneer Phil Ramone dies». BBC News. 21. oktober 2015. Henta 21. oktober 2015.
- ↑ Davies, Bren (15. november 2005). «Interviews—Phil Ramone». Tape Op magazine (50). Henta 20. mars 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- Phil Ramone ved The Internet Movie Database (IMDb)