Prince Charles Strait

Prince Charles Strait er eit sund mellom Cornwallis og Elefantøya i Sør-Shetlandsøyane. Sundet var kjend for selfangarar så tidleg som 1821, men første gong ein kjenner til at det vart segla gjennom var i 1839 av briggen «Porpoise» under US Exploring Expedition leia av Charles Wilkes. Oppmåling av sundet vart utført med fartøyet John Biscoe og fregatten HMS Sparrow i desember 1948. Det er kalla opp etter Prins Charles av Wales, som er son av dronning Elizabeth II av Storbritannia.

Prince Charles Strait
sund
Land  Antarktis
Stad Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 61°5′S 54°35′W / 61.083°S 54.583°W / -61.083; -54.583
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Prince Charles Strait
61°05′00″S 54°35′00″W / 61.0833°S 54.5833°W / -61.0833; -54.5833
Prince Charles Strait is located in Antarktis
Prince Charles Strait (Antarktis)

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Prince Charles Strait» (innhald frå Geographic Names Information System).