Prince of Wales Island

Prince of Wales Island er ei øy i kanadisk Arktis i Nunavutterritoriet i Canada. Ho ligg mellom Kitlineq og Somersetøya og sør for Elisabetøyane. Flatevidda er berekna til 33 339 km². Prince of Wales Island er den tiande største øya i Canada.

Kart over øyane i kanadisk Arktis med Prince of Wales Island markert med skravering
Kart over Prince of Wales Island

Høgste punktet på øya, som ligg på 73 grader 49 minuttar nordleg breidd og 97 grader 50 minuttar vestleg lengd, er 320 meter over havet. Punktet ligg heilt i nordaust på øya, med utsikt over Baringsundet, som skil øya frå granneøya Russell Island.

Øya er låglendt med tundra. Kysten er oppskoren og med djupe bukter i vest, Ommanney Bay, og i aust, Browne Bay.

Av praktiske grunnar vert administrasjonen av øya delt mellom regionane Qikiqtaaluk og Kitikmeot. Øya har ingen fast busetnad.

Europearar oppdaga øya i 1851. Eit parti hundesledar under leiing av Francis Leopold McClintock kom over øya under søkinga etter den siste Franklin-ekspedisjonen.