Qikiqtaaluk (inuktitut Qikiqtani, ᕿᑭᖅᑖᓗᒃ) eller Baffin Region er ein av dei tre administrative regionane i Nunavut i Canada. Han er både den austlegaste[2] nordelgaste og sørlegaste regionen i Nunavut. Med eit folketal på 18 988 og eit areal på 989 879,35 km² er han den største og den folkerikaste av dei tre regionane.[3] Qikiqtaaluk er større enn dei fleste land i verda, berre 27 land er større.

Qikiqtaaluk
region
Land  Canada
Provins Nunavut
Areal 970 554,61 km²
Folketal 19 355 (2021)[1]
Kart
Qikiqtaaluk
70°N 80°W / 70°N 80°W / 70; -80
Kart som viser Qikiqtaaluk.
Kart som viser Qikiqtaaluk.
Kart som viser Qikiqtaaluk.
Wikimedia Commons: Qikiqtaaluk Region

Qikiqtaaluk er det tradisjonelle inuktitutnamnet på Baffinøya.[4] Sjølv om Qikiqtaaluk Region er mest brukt som namn i offisielle samanhengar, føretrekk fleire institusjonar, som Statistics Canada,[3] det eldre namnet Baffin Region.

Regionen omfattar Baffinøya, Belcherøyane, Akimiskiøya, Manseløya, Prince Charles-øya, Bylotøya, Devonøya, Baillie-Hamiltonøya, Cornwallisøya, Bathurstøya, Amund Ringnes-øya, Ellef Ringnes-øya, Axel Heiberg-øya, Ellesmereøya, Melvillehalvøya, austdelen av Melvilleøya og norddelane av både Prince of Wales-øya og Somersetøya, i tillegg til mindre øya imellom. Regionsenteret og den administrative hovdustaden er Iqaluit, med 7 740 innbyggjarar.[5]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www12.statcan.gc.ca/census-recensement/2021/dp-pd/prof/details/page.cfm?Lang=F&SearchText=Qikiqtaaluk&DGUIDlist=2021A00036204&GENDERlist=1&STATISTIClist=1&HEADERlist=0; vitjingsdato: 18. februar 2022.
  2. Philip Goldring (Winter 2015). «Historians and Inuit: learning from the Qikiqtani Truth Commission, 2007-2010». Canadian Journal of History (University of Toronto via GALE) 50: 492–523. doi:10.3138/CJH.ACH.50.3.005. Arkivert frå originalen May 6, 2016. Henta 19 April 2016. 
  3. 3,0 3,1 «Census Profile, 2016 Census Baffin, Region [Census division]». Statistics Canada. Henta 2. mars 2017. 
  4. IHT’s Nunavut Map Series
  5. «Census Profile, 2016 Census Iqaluit». Statistics Canada. Henta 2. mars 2017.