Princess Elisabeth-stasjonen
Princess Elisabeth-stasjonen på Utsteinen i Dronning Maud Land er ein belgisk forskingsstasjon som kom i teneste 15. februar 2009. Stasjonen er designa, bygd og driven av International Polar Foundation og var den første polarbasen som kombinerer økovenleg konstruksjonsmateriale, rein og effektiv energibruk og optimalisering av energibruken til stasjonen og smarte vasshandsamingsteknikkar.
Princess Elisabeth-stasjonen | |||
stasjon | |||
Testbygging og offentleg presentasjon i september 2007 i Brussel
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Dronning Maud Land | ||
- koordinatar | 71°34′S 23°12′E / 71.57°S 23.20°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Princess Elisabeth-stasjonen 71°57′00″S 23°20′50″E / 71.949887174706°S 23.347142978784°E | |||
Wikimedia Commons: Princess Elisabeth Station |
Stasjonen vart bygd mot ein rygg (Utsteinen) og er eksponert for vindar opp til 300 km/h. Stasjonen kan motstå så kraftig vind på grunn av ei aerodynamisk form og fundament som er forankra på fleire meters djup i permafrosten. Philippe Samyn, ein belgisk arkitekt, var involvert i å utforme skalet og den fundamentet. Princess Elisabeth-basen er den einaste basen i Antarktis med nullutslepp og år på sol- og vindenergi. Stasjonen er knytt til ni vindturbinar som står langs Utsteinen. Han kan huse opp til 16 forskarar om gangen.
Stasjonen er kalla opp etter prinsesse Elisabeth av Belgia, barnebarnet Albert II av Belgia og dotter til prins Philippe, hertugen av Brabant.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Princess Elisabeth Antarctica» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2014.