Opna hovudmenyen

Profil var eit norsk tidsskrift om litteratur og kultur som kom ut i åra frå 1959 til 1992. Tidsskriftet hadde opphav i Filologen, eit tidsskrift for Historisk-filosofisk fakultet på Universitetet i Oslo.

Etter at Jan Erik Vold, Dag Solstad og Espen Haavardsholm vart dei leiande i tidsskriftet Profil i 1966, vart Profil på mange vis det mest tonegivane og viktigaste litterære tidsskriftet i Noreg. Tidsskriftet var eit forum for litterære, modernistiske eksperiment og hadde intervju, artiklar om litteraturteori og dessutan døme på litteratur omsett frå andre språk. Men utover på 1970-talet gjekk tidsskriftet meir eller mindre i oppløysing av seg sjølv, då fleire av forfattarane som skreiv for det, tok til å interessere seg meir for å skrive sosialrealistiske romanar med politiske siktemål, og la bak seg den modernistiske litterære utprøvinga som hadde vore basis for at tidsskriftet stod så sentralt i kulturlivet i si tid.

I 1984 kom det eit såkalla postmoderne Profil, som med Arne Stav og Morten Søby som redaktørar braut over tvert med det som det tidlegare tidsskriftet hadde stått for. Dei postmoderne tenkjarane François Lyotard og Jean Baudrillard vart introduserte, og 1980-talets trendar og livsstil kom til uttrykk. Ei tid vart på nytt Profil eit leiande tidsskrift. Men etter at Are Eriksen tok over som redaktør frå 1986 vart vekta lagt på det teoretiske og tverrfaglege, og i 1992 hadde tidsskiftet på nytt vorte fagtidsskriftet for Historisk-filosofisk fakultet på Universitetet i Oslo, no med Eivind Tjønneland som redaktør.