Python
Python er eit objektorientert programmeringsspråk starta av Guido van Rossum i 1989. Van Rossum valde namnet «Python» fordi han er fan av Monty Python, og fordi han meiner at programmering skal vera artig.
Python | |||
| |||
| |||
Utviklar | Python Software Foundation, Guido van Rossum | ||
---|---|---|---|
Utgjeve | 20. februar 1991[1] | ||
Nyaste versjon | 3.13.0 (7. oktober 2024)[2][3][4] | ||
Operativsystem | multiplattform | ||
Skriven i | Python, C | ||
Type | programvareutvikling, berekningsvitskap, maskinlæring, dataanalyse, programmering, webutvikling | ||
Lisens | Python Software Foundation-lisens | ||
Nettstad | https://www.python.org/ |
Python var opphavleg eit scriptspråk for Amoeba OS for å laga systemendringar. Perl, Ruby, Tcl, Scheme og tildels Java vert ofte set på som alternativ til Python. Python er utvikla som ei fri programvare-prosjekt.
Python har ein lettlest og klår syntaks. I Python vert koden delt opp etter innrykk, ikkje etter spesialtegn som t.d. }. Dette er trekk ved programmeringsspråket som skal gjera det lettare og raskare å skriva program. Mange ser på Python som ein nyare, men strengare og meir strigla versjon av Perl.
Objekt-orientert programmering
endrePython er eit objektorientert språk, og tillèt til dømes polymorfisme. I motsetnad til i mange andre objektorienterte språk, som til dømes Java og Smalltalk, er det likevel fullt mogleg å skriva eit prosedyre-drive program.
Kjelder
endre- ↑ «History and License - Python documentation». Henta 19. august 2016.
- ↑ «Python 3.13 released» (på engelsk). 7. oktober 2024. Henta 7. oktober 2024.
- ↑ «Python 3.13.0 (final) released» (på engelsk). 7. oktober 2024. Henta 8. oktober 2024.
- ↑ «Python 3.13 Debuts With New Interactive Interpreter & Experimental JIT» (på engelsk). 7. oktober 2024. Henta 8. oktober 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Python» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2016.