Protea
Protea er ei slekt av sørafrikanske blomsterplantar. Slekta har 115 artar. Dei blir nokre gonger kalla sugarbushes på engelsk og suikerbos på afrikaans.
Protea | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Proteales |
Familie: | Proteaceae |
Slekt: | Protea L., 1753 |
Etymologi
endreProteaslekta vart gitt namn i 1735 av Carl von Linné etter den greske guden Proteus som kunne endre si eiga form, ettersom plantane opptrer i eit rikt utval av former. Linné si slekt vart danna ved å slå saman eit rekkje slekter som tidlegare var blitt skildra av Herman Boerhaave, sjølv om akkurat kva for slekter av Boerhaave sine som var inkludert i Linnés Protea varierte i dei ulike publikasjonane til Linné.
Taksonomi
endreProteaceae-familien som Protea er plassert i, er ein gammal familie. Forfedrane voks i Gondwana for 300 millionar år sidan. Proteaceae er delt i to underfamiliar: Proteoideae, hovudsakleg i det sørlege Afrika, og Grevilleoideae, konsentrert til Australia og Sør-Amerika og andre mindre delar av Gondwana som no er del av det austlege Asia. Afrika deler berre ei slekt med Madagaskar, medan Sør-Amerika og Australia har mange sams slekter — dette tyder på at dei vart skilt frå Afrika før dei vart skilt frå kvarande.
Utbreiing
endreDei fleste artar av Protea finn ein sør for Limpopoelva. Men Protea kilimanjaro er å finne i Mount Kenya nasjonalpark. 92 % av alle artane finn ein berre i Cape floraregion som er eit smalt belte på den fjellrike kysten frå Clanwilliam til Grahamstown i Sør-Afrika. Den usedvanleg store artsvariasjonen som er typisk for regionen trur ein skuldast det varierte landskapet der plantepopulasjonar kan bli isolert frå kvarandre og over tid utvikle seg til eigne artar.
Botanikkhistorie
endrePlantar i proteaslekta vekte interessa til botanikarar som gjesta Kapp det gode håp på 1600-talet. Mange artar vart introduserte i Europa på 1700-talet og dei var spesielt populære blant botanikarar.
Klassifisering
endreInnanfor den store familien Proteaceae, er Protea medlemmer av underfamilien Proteoideae som har slekter som finst i det sørlege Afrika og Australia.
Artar
endreEtter det latinske namnet står det engelske.
- Protea seksjon Leiocephalae
- Protea caffra (Common Protea)
- Protea dracomontana (Drakensberg Sugarbush)
- Protea glabra (Clanwilliam Sugarbush)
- Protea inopina (Large-nut Sugarbush)
- Protea nitida (The Wagon Tree)
- Protea nubigena (Cloud Sugarbush)
- Protea parvula (Dainty Sugarbush)
- Protea petiolaris (Sickle-leaf Sugarbush)
- Protea rupicola (Krantz Sugarbush)
- Protea simplex (Dwarf Grassland Sugarbush)
- Protea seksjon Paludosae
- Protea seksjon Patentiflorae
- Protea angolensis (Woodland Sugarbush)
- Protea comptonii
- Protea curvata (Barberton Sugarbush)
- Protea laetans (Blyde Sugarbush)
- Protea madiensis
- Protea rubropilosa (Transvaal Sugarbush)
- Protea rupestris (Rocket Sugarbush)
- Protea seksjon Lasiocephalae
- Protea gaguedi (African Sugarbush)
- Protea welwitschii (Dwarf Savanna Sugarbush)
- Protea seksjon Cristatae
- Protea asymmetrica (Inyanga Sugarbush)
- Protea wentzeliana (Wentzel's Sugarbush)
- Protea seksjon Cynaroidae
- Protea cynaroides (King Protea)
- Protea seksjon Paracynaroides
- Protea cryophila (Snow Protea)
- Protea pruinosa (Frosted Sugarbush)
- Protea scabriuscula
- Protea scolopendriifolia (Hart's Tongue-fern Sugarbush)
- Protea seksjon Ligulatae
- Protea burchellii (Burchell's Sugarbush)
- Protea compacta (Bot River Sugarbush)
- Protea eximia (Broadleaf Sugarbush)
- Protea longifolia (Long-leaf Sugarbush)
- Protea obtusifolia (Limestone Sugarbush)
- Protea pudens (Bashful Sugarbush)
- Protea roupelliae (Silver Sugarbush)
- Protea susannae (Stink-leaf Sugarbush)
- Protea seksjon Melliferae
- Protea aristata (Ladismith Sugarbush)
- Protea lanceolata (Lanceleaf Sugarbush)
- Protea repens (Common Sugarbush, Honey Flower, Sugarbush)
- Protea seksjon Speciosae
- Protea coronata (Green Sugarbush)
- Protea grandiceps (Red Sugarbush)
- Protea holosericea (Sawedge Sugarbush)
- Protea laurifolia {Gray-leaf Sugarbush)
- Protea lepidocarpodendron (Black-beard Sugarbush)
- Protea lorifolia (Strap-leaf Sugarbush)
- Protea magnifica (Queen Sugarbush)
- Protea neriifolia (Oleander-leaf Protea, Narrow-leaf Sugarbush)
- Protea speciosa (Brown-beard Sugarbush)
- Protea stokoei (Pink Sugarbush)
- Protea seksjon Exsertae
- Protea aurea (Common Shuttlecock Sugarbush)
- Protea lacticolor (Hottentot Sugarbush)
- Protea mundii (Forest Sugarbush)
- Protea punctata (Water Sugarbush)
- Protea subvestita (Waterlily Sugarbush)
- Protea venusta (Creeping Beauty)
- Protea seksjon Microgeantae
- Protea acaulos (Common Ground Sugarbush)
- Protea convexa (Largeleaf Sugarbush)
- Protea laevis (Smooth-leaf Sugarbush)
- Protea revoluta (Rolled-leaf Sugarbush)
- Protea ungustata
- Protea seksjon Crinitae
- Protea foliosa (Leafy Sugarbush)
- Protea intonsa (Tufted Sugarbush)
- Protea montana (Swartberg Sugarbush)
- Protea tenax (Tenacious Sugarbush)
- Protea vogtsiae (Kouga Sugarbush)
- Protea seksjon Pinifolia
- Protea acuminata (Blackrim Sugarbush)
- Protea canaliculata (Groove-leaf Sugarbush)
- Protea nana (Mountain-rose Sugarbush)
- Protea pityphylla (Ceres Sugarbush)
- Protea scolymocephala (Thistle Sugarbush)
- Protea witzenbergiana (Swan Sugarbush)
- Protea seksjon Craterifolia
- Protea effusa
- Protea namaquana (Kamiesberg Sugarbush)
- Protea pendula (Arid Sugarbush)
- Protea recondita (Hidden Sugarbush)
- Protea sulphurea (Sulphur Sugarbush)
- Protea seksjon Obvallatae
- Protea caespitosa (Bishop Sugarbush)
- Protea seksjon Subacaules
- Protea aspera (Rough-leaf Sugarbush)
- Protea denticulata (Tooth-leaf Sugarbush)
- Protea lorea (Thong-leaf Sugarbush)
- Protea piscina (Visgat Sugarbush)
- Protea restionifolia (Reed-leaf Sugarbush)
- Protea scabra (Sandpaper-leaf Sugarbush)
- Protea scorzonerifolia
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Protea» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juni 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Protea Atlas Project Arkivert 2009-12-23 ved Wayback Machine., kartlegging av Protea-typar.
- www.ncbi.nlm.nih.gov/Taxonomy/Browser Taksonomioversyn ved ncbi.nlm.nih.gov
- Pollack Group Arkivert 2017-10-13 ved Wayback Machine.. Proteadyrkarar.