Protistar

(Omdirigert frå Protist)
Protistar
Elektronmikroskoperte diatomear
Elektronmikroskoperte diatomear
Systematikk
Overrike: Eukaryotar Eukaryota
Rike: Protistar Protista
Haeckel, 1866

Protistar er ei tradisjonell samkjenning for eukaryotar som ikkje kan klassifiserast innanfor rika plantar, dyr eller sopp. Som regel meiner ein mikroskopiske, eincella organismar når ein nyttar omgrepet, men mange klassifiserar òg makroalgar som tang og tare innanfor gruppa.

Ordet «protist» vart først brukt av Ernst Haeckel i 1866. I dag reknar ein omgrepet som parafyletisk, sidan dei ulike organismane me brukar det om ikkje har noko særleg med likskapar utover ei relativt enkel celleorganisering. Dei fleste protistar er anten eincella eller koloniale; som regel alltid utan nokon form for skilnad på cellene innanfor einskildartane.

Tradisjonelt delar ein protistar inn i tre grupper: protozoar (dyreliknande protistar), algar og slimsopp, ut frå kva slags organismar dei liknar mest på. Dette har ikkje noko fylogenetisk grunnlag; «algar» vert til dømes brukt om alle fotosyntetiserande mikroorganismar uavhengig av evolusjonære slektskap.