Marmolada
Marmolada (ladinsk Marmoleda, tysk Marmolata) er det høgaste fjellet i Dolomittane nordaust i Italia med ei høgd på 3 343 meter over havet. Fjellet består av ein rygg som går frå vest til aust. Mot sør består fjellet av ein fleire kilometer lang stupbratt vegg. På nordsida finn ein relativt flate isbrear, mellom anna den einaste store breen i Dolomittane, Marmoladabreen (Ghiacciaio della Marmolada).
Marmolada | |||
fjell | |||
Marmolada i juli 2004
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Fjelltype | Granitt | ||
Fjellkjede | Dolomittane | ||
Høgd | 3 343 moh. | ||
Primærfaktor | 2 113 m | ||
Førstestiging | 28. september 1864 | ||
Koordinatar | 46°26′N 11°51′E / 46.43°N 11.85°E | ||
Marmolada 46°25′28″N 11°51′00″E / 46.424444444444°N 11.85°E | |||
Wikimedia Commons: Marmolada |
Ryggen består av fleire toppar med dei høgaste i vest: Punta Penia (3 343 m), Punta Rocca (3 309 m), Punta Ombretta (3 230 m), Monte Serauta (3 069 m) og Pizzo Serauta (3 035 m). Det går ein taubane til toppen av Punta Penia.
Paul Grohmann var den første til å nå toppen av fjellet. Det skjedde i 1864 langs nordruta.
Før den første verdskrigen gjekk grensa mellom Austerrike og Italia langs Marmolada, slik at fjellet danna ein del av frontlinja. Austerrikske soldatar var innkvartert i djupe tunnelar inn i breen på nordsida og italienske soldatar ved stupet på sørsida. Sidan isbreane trekkjer seg tilbake vert det stundom funne restar og ting etter soldatane.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Marmolada» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2007.