Gardasjøen
Gardasjøen (italiensk Lago di Garda eller Benaco) er den største innsjøen i Italia. Han ligg nord i landet, om lag halvvegs mellom Venezia og Milano. Gardasjøen ligg i eit fjellområde og vart danna av isbrear under den siste istida. Av provinsar rundt innsjøen finn ein Verona (i søraust), Brescia (sørvest) og regionen Trentino i nord. Innsjøen er ein stor turistdestinasjon med mange hotell og feriestader langs breidda.
Gardasjøen | |||
innsjø | |||
Gardasjøen sett frå Riva del Garda
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Sarca | ||
Utløp | Mincio | ||
Nedslagsfelt | 2 350 km² | ||
Opphaldstid | 26,8 år | ||
Høgd over havet | 65 moh. | ||
Lengd | 51,9 km | ||
Breidd | 16,7 km | ||
Areal | 369,98 km² | ||
Middeldjupn | 136 m | ||
Største djupn | 346 m | ||
Volum | 50,35 km³ | ||
Koordinatar | 45°38′N 10°40′E / 45.633°N 10.667°E | ||
Øyar | 5 (Isola del Garda, Isola San Biagio) | ||
Byar | Sjå liste | ||
Gardasjøen 45°38′00″N 10°40′00″E / 45.633333333333°N 10.666666666667°E | |||
Satellittbilete av Gardasjøen med byar
| |||
Wikimedia Commons: Lake Garda |
Geografi
endreDen nordlege delen av innsjøen er smalare enn resten og omgjeven av fjell, som stort sett høyrer til Gruppo del Baldo. Han har her ei form som er typisk for ein morenedal. Sjølv om ein kan sjå spor etter isbreane meiner ein at isbreen låg i ein dal som alt var danna av elveerosjon for 5 til 6 millionar år sidan.
Innsjøen har fem øyar og den største av dei er Isola del Garda. Naboøya Isola San Biagio vert òg kalla Isola dei Conigli («Kaninøya»). Begge ligg utanfor San Felice del Benaco i Brescia. Dei tre mindre øyane er Isola dell'Olivo, Isola di Sogno og Isola di Trimelone.
Den største elva som munnar ut i innsjøen er Sarca, medan Mincio er det einaste utsiget.
Av dyreliv finn ein Salmo carpio, ein lakseart som berre finst i Gardasjøen. Andre artar er:
Stader og attraksjonar
endreDen gamle festningsbyen Sirmione ligg i sørenden av innsjøen og er ein særleg populær turistattraksjon. Den vakre borga Scaliger er frå 1200-talet. Den romerske villaen var heimstad til diktaren Catullus. Svovelkjeldene ved enden av halvøya har rykte på seg for å vere lækjande for katarr, særleg når ein har det i øyre.
I nærleiken ligg Gardaland, ein av dei mest kjende parkane i Italia.
Trentino-Alto Adige |
Veneto |
Lombardia |
---|---|---|
Provinsen Trento (med klokka frå vest til aust) |
Provinsen Verona (med klokka frå nord til sør) |
Provinsen Brescia (med klokka frå sør til nord) |
Galleri
endre-
Limone ved Gardasjøen
-
Punta San Vigilio -
Utsyn frå Gargnano -
Borga ved Malcesine
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake Garda» frå Wikipedia på engelsk, den 7. november 2007.