Puerto Rico på Gran Canaria
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Puerto Rico (fleirtyding).
Puerto Rico er ein turistby i Mogán kommune på sørkysten av Gran Canaria. Gran Canaria er den nest sørlegaste øya i den spanske øygruppa Kanariøyene i Atlanterhavet. I 2015 hadde Puerto Rico 4 242 innbyggarar.[1]
Puerto Rico | |||
busetnad | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Provins | Las Palmas | ||
Kommune | Mogán | ||
Puerto Rico på Gran Canaria 27°47′17″N 15°42′40″W / 27.78806°N 15.71111°W | |||
Wikimedia Commons: Puerto Rico (Gran Canaria) |
Maksimumstemperaturane i byen ligg på rundt 20-25 grader om vinteren.[2] Han er dominert av turistnæringa, med mange hotell og utestader, eit stort kjøpesenter og fleire badestrender.
Puerto Rico har ei sandstrand og to småhamner. Inne i byen ligg dei fleste butikkane og restaurantane i små kjøpesenter. Pasarela-senteret ligg nærast stranda, medan det største kjøpesenteret, The Market Puerto Rico,[3] ligg i sentrum.
Strender
endreBystranda har rullestoltilgang, solsenger, parasollar og dusjar.[4] Amadores-stranda ligg ein kilometer nordvest for Puerto Rico.[5] Ho er eit populært turistmål på sørkysten av Gran Canaria. Litt lenger nordvest ligg Tauro-stranda, ei meir privat og avslappa strand.
Galleri
endre-
Puerto Rico i 2011
-
Puerto Rico i 2018
-
Puerto Rico i februar 2018
-
Puerto Rico i 2018
-
Puerto Rico i 2016
-
Amadores-stranda i 2018
-
Amadores-stranda i 2018
-
Amadores-stranda i 2018
-
Tauro-stranda i 2018
-
Tauro-stranda i 2018
Kjelder
endre- ↑ Instituto Nacional de Estadística
- ↑ Puerto Rico (Gran Canaria) Arkivert 2018-11-18 ved Wayback Machine. yr.no
- ↑ Un shopping con alma, para gente que compra con el corazón. Themarketpuertorico.com . Vitja 18. august 2020
- ↑ Puerto Rico www.grancanaria.com (engelsk)
- ↑ «playa de amadores amadores calle borondon 11 - Google Search». www.google.com. Henta 25. mars 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Puerto Rico de Gran Canaria» frå Wikipedia på engelsk, og «Puerto Rico (Gran Canaria)» frå Wikipedia på bokmål den 18. august 2020.