Punta San Matteo
Punta San Matteo er ein 3 678 meter over havet høg fjelltopp i Ortleralpane, på grensa mellom provinsane Trento og Sondrio i Italia. Toppen ligg på same fjellryggen som Monte Vioz, om lag fire kilometer sørvest for denne, på ein fjellrygg som vidare mot sørvest endar mot Gaviapasset. Den bredekte fjelltoppen dannar sørgrensa for isbreen Ghiacciaio dei Forni.
Punta San Matteo | |||
fjell | |||
Punta San Matteo sett frå nord
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Ortleralpane | ||
Høgd | 3 678 moh. | ||
Førstestiging | Francis Fox Tuckett, George Henry Fox, Douglas William Freshfield, James H. Backhouse | ||
- dato | 1865 | ||
Koordinatar | 46°22′44″N 10°34′0″E / 46.37889°N 10.56667°E | ||
Punta San Matteo 46°22′44″N 10°34′00″E / 46.378888888889°N 10.566666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Punta San Matteo |
Fjelltoppen vart kliven fyrste gongen den 28. juni 1865 av dei britiske fjellklatrarane Francis Fox Tuckett, George Henry Fox, Douglas William Freshfield og James H. Backhouse. Dei var i fylgje med førarane François Devouassoud frå Chamonix og Peter Michel frå Grindelwald.
Punta San Matteo er eit ynda turmål for skituristar, då han på vårparten er grei å nå både frå fjellhytta Rifugio Cesare Branca og frå Gaviapasset.
Kartografen Julius Payer gav fjellet det noverande namnet, ettersom han kleiv til topps den 21. september 1867, minnedagen for evangelisten Matteus.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Punta San Matteo» frå Wikipedia på tysk, den 26. oktober 2014.