Bryst
(Omdirigert frå Pupper)
- Denne artikkelen handlar om kvinnebryst. For bryst generelt, sjå bringe.
Bryst, pupp eller patte (mamma på anatomispråket latin) er den vevsfylte delen rundt mjølkekjertlane til kvinner. Dei ligg rundt 3.–6. ribbein med ei hudkløft mellom, sinus mammarum. Omtrent midt på eit bryst ligg brystvorta (mamilla, papilla mammaria), med eit rundt, pigmentert hudparti (areola mammae) omkring.
Bryst blir bruka til amming av born. Dei er sekundære kjønnskjenneteikn og ei erogen sone, og er rekna som eit seksualsymbol. I mange kulturar er det tabu å visa fram brysta. Samstundes kan det reknast som pirrande å framheva dei.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «bryst» i Nynorskordboka.
- «mamma» i SML/Store Norske Leksikon
Bakgrunnsstoff
endre- melkekjertler i SML/Store Norske Leksikon