Purdy Point
Purdy Point er eit nes 1,5 nautiske mil (2,8 km) aust-søraust for Foul Point på nordkysten av Coronation Island i Sør-Orknøyane. Det vart oppdaga i desember 1821 under ein felles seglas av kaptein George Powell, ein britisk selfangar, og kaptein Nathaniel Palmer, ein amerikansk selfangar, og grovt nedteikna på kartet til Powell. Det vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1956-58 og vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1959 etter John Purdy (1773–1843), ein leiande engelsk hydrograf som samla inn mange maritime rettleiingar og kart, inkludert for Sør-Orknøyane.
Purdy Point | |||
nes | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Orknøyane | ||
- koordinatar | 60°32′S 45°26′W / 60.533°S 45.433°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Purdy Point 60°31′59″S 45°27′00″W / 60.533°S 45.45°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Purdy Point» (innhald frå Geographic Names Information System).