Puyo er provinshovudstad i Pastazaprovinsen i Ecuador. Han er òg den viktigaste byen i provinsen. Byen ligg ved Puyoelva, ei sideelv til Pastazaelva som igjen endar i Amazonaselva. Namnet skal vera avleidd frå kichwaordet for «overskya», og det lokale klimaet er då også vått med mange overskya dagar.[2]

Puyo
by
Land  Ecuador
Areal 13,68 km²
Folketal 33 325 (2022)[1]
Kart
Puyo
1°29′25″S 78°00′08″W / 1.4902777777778°S 78.002222222222°W / -1.4902777777778; -78.002222222222
Wikimedia Commons: Puyo

Puyo blei grunnlagd i 1899. Han er bunden saman med byane Baños, Tena og Macas med veg. Dei to sistnemnde byane ligg i ytterkanten av regnskogen i Amazonas.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://app.powerbi.com/view?r=eyJrIjoiNWUzMjQwOWMtZjFhOS00NjczLTk0YTItNjcwZmRmY2YxMjkyIiwidCI6ImYxNThhMmU4LWNhZWMtNDQwNi1iMGFiLWY1ZTI1OWJkYTExMiJ9.
  2. Henry Ades and Melissa Graham, "The Rough Guide to Ecuador" (3. utg.), Rough Guides publishing, anuar 2007

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Puyo