Pyridoksal

kjemisk sambinding

Pyridoksal er ei av tre naturlege former av vitamin B6. Dei to andre formene er pyridoksin og pyridoksamin. Alle er kjemisk nærskylde pyridinderivat. Pyridoksal vert syntetisert av bakteriar i tarmen og finst elles i kjøt og kornvarer. Det verkar i form av pyridoksalfosfat som prostetisk gruppe for mange enzym som har aminosyrer som substrat.

Strukturen til pyridoksal
Modell av pyridoksal

Kjelder

endre

«pyridoksal» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 10. februar 2017.

  Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.