Qaruh (arabisk جزيرة قاروه) er ei øy i Kuwait. Øya har fått namn etter store mengder petroleumssediment i området (kalla Qar på arabisk). Ho er den minste av dei ni øyane i landet og den som ligg lengst borte frå fastlandet. Ho ligg 37,5 km frå fastlandet og 17 km frå Umm al Maradim. Øya er kring 275 meter lang og 175 meter på det breiaste, med eit areal på kring 3,5 mål. Øya var det første området av Kuwait som vart frigjort frå Irak under Golfkrigen den 21. januar 1991.

Qaruh
øy
Land  Kuwait
Koordinatar 28°49′N 48°46′E / 28.817°N 48.767°E / 28.817; 48.767
Folketal 0
Kart
Qaruh
28°49′22″N 48°47′05″E / 28.822777777778°N 48.784722222222°E / 28.822777777778; 48.784722222222

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre