Qasr al-Sir (arabisk skrift قصر السر; hebraisk skrift קסר א-סיר, tyder 'Mysteriefestninga') er ein beduinlandsby i Negevørkenen sør i Israel. Han høyrer tilNeve Midbar regionale kommune.

Qasr al-Sir
קסר א-סיר, قصر السر
landsby
Namneopphav: Mysteriefestninga
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Neve Midbar
Koordinatar 31°4′59″N 34°58′43″E / 31.08306°N 34.97861°E / 31.08306; 34.97861
Areal 4,776 km²
Folketal 1 090  (2011)[1]
Grunnlagd 2003
 - Grunnlagd av Den israelske regjeringa
Kart
Qasr al-Sir
31°04′59″N 34°58′43″E / 31.083055555556°N 34.978611111111°E / 31.083055555556; 34.978611111111
Wikimedia Commons: Kasr A-Sir

Qasr al-Sir ligg nord i Negevørkenen, berre 3 km vest for Dimona.

I desember 2011 hadde Qasr al-Sir 1 090 innbyggjarar.[2]

Historie endre

Før opprettinga av Israel var Negev-beduinane eit delvis nomadisk samfunn som hadde vore gjennom ein prosess for å bli bufaste sidan osmansk styre i regionen. Dei fleste forskarane er samde i at beduinane kom til Negev kring 1800, men det er spor etter dei tidlegare òg.[3]

Under Det britiske mandatet gav ikkje styresmaktene eit lovverk til å avgjere og bevare kven som eigde landområda. For å få orden på dette vart landpolitikken til Israel i stor grad tilpassa dei osmanske landreguleringane frå 1858 som det føregåande lovverket. Dermed nasjonaliserte Israel det meste av Negev ved hjelp av statlege landreguleringar frå 1969.[3]

Israel heldt fram linja for å få fast bustad for Negev-beduinane, som dei osmanske styresmaktene tvinga på dei, og det omfatta først regulering og flytting. I 1950-åra flytta Israel to tredjedelar av Negev-beduinane til eit område som var under krigsrett.[3]

Det neste steget var å opprette sju kommunar spesielt for beduinane med betre levevilkår, skikkeleg infrastruktur og og gode offentelge tenester innan helse og utdanning. Men ikkje alle beduinane gjekk med på å flytte frå telta sine til leilegheitene og husa som staten hadde laga for dei. Kring 60% av beduinane i Israel bur i planlagde landsbyar som Ar'arat an-Naqab, medan resten bur i ulovlege heimar spredd over heile Nord-Negev.[4]

Kjelder endre

  1. Population by settlement Statistisk sentralbyrå
  2. Population by settlement Statistisk sentralbyrå
  3. 3,0 3,1 3,2 Dor Fridman. «About the Negev-beduinar». LocalEconomySeminar. Arkivert frå originalen 5. juli 2012. Henta 12. september 2015. 
  4. beduin information, ILA, 2007 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 15. juli 2015, henta 12. september 2015