Neve Midbar regionale kommune

Neve Midbar regionale kommune (hebraisk skrift מועצה אזורית נווה מדבר, Moatza Azorit Neveh Midbar, arabisk المجلس الإقليمي واحة, Majlis Iqlimi Newe Midbar) er ein av to regionale kommunar som vart danna då Abu Basma regionale kommune vart delt i to den 5. november 2012.[1] Denne regionale kommunen ligg nordvest i Negevørkenen i Israel og er busett av Negev-beduinar.

Neve Midbar regionale kommune
regional kommune
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°15′28″N 34°58′26″E / 31.25778°N 34.97389°E / 31.25778; 34.97389
Kart
Neve Midbar regionale kommune
31°15′28″N 34°58′26″E / 31.25777778°N 34.97388889°E / 31.25777778; 34.97388889
Wikimedia Commons: Neve Midbar Regional Council

Busetnader endre

Det ligg fire godkjende landsbyar i Neve Midbar regionale kommune:

Desse landsbyane har samla nesten 10 000 innbyggjarar (2013) og Bir Hadaj er den største av dei.[2]

Det finst òg mange «diaspora» beduinar som bur i ikkje-anerkjente landsbyar, og derfor ikkje får kommunale tenester. Talet på desse innbyggjarane er ukjend.

Historie endre

Før opprettinga av Israel, var Negev-beduinar eit delvis nomadisk samfunn som hadde vore gjennom ein prosess for å bli bufaste sidan osmansk styre i regionen. Dei fleste forskarane er samde i at beduinane kom til Negev kring 1800, men det er spor etter dei tidlegare òg.[3]

Under Det britiske mandatet gav ikkje styresmaktene eit lovverk til å avgjere og bevare kven som eigde landområda. For å få orden på dette vart landpolitikken til Israel i stor grad tilpassa dei osmanske landreguleringane frå 1858 som det føregåande lovverket. Dermed nasjonaliserte Israel det meste av Negev ved hjelp av statlege landreguleringar frå 1969.[3]

Israel heldt fram linja for å få fast bustad for Negev-beduinane, som dei osmanske styresmaktene tvinga på dei, og det omfatta først regulering og flytting. I 1950-åra flytta Israel to tredjedelar av Negev-beduinane til eit område som var under krigsrett.[3]

Det neste steget var å opprette sju kommunar spesielt for beduinane med betre levevilkår, skikkeleg infrastruktur og og gode offentelge tenester innan helse og utdanning. Men ikkje alle beduinane gjekk med på å flytte frå telta sine til leilegheitene og husa som staten hadde laga for dei. Kring 60% av beduinane i Israel bur i planlagde landsbyar som Ar'arat an-Naqab, medan resten bur i ulovlege heimar spredd over heile Nord-Negev.[4]

Kjelder endre

  1. Information for the citizens Arkivert 2013-08-21 ved Wayback Machine., Abu Basma regionale kommune official site (hebraisk)
  2. Formation of new towns for the Negev beduin Arkivert 2015-07-15 ved Wayback Machine. MMI. s.5
  3. 3,0 3,1 3,2 Dor Fridman. «About the Negev-beduinar». LocalEconomySeminar. Arkivert frå originalen 5. juli 2012. Henta 11. september 2015. 
  4. beduin information, ILA, 2007 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 15. juli 2015, henta 11. september 2015 

Bakgrunnsstoff endre