Qiang (羌族, [pinyin]] qiāngzú) er nanmnet på eit av dei 55 offisielle minoritetsfolka i Folkerepublikken Kina. Folketeljinga i 2000 registrerte vel 306 000 menneske som qiang. Dei fleste av dei bur i Sichuan. Nesten 200 000 lever i fylka Mao, Wenchuan, Li, og Heishui, alle i det autonome prefekturet Ngawa for tibetanarar og qiangfolk, samt i fylket Beichuan i naboprefekturet Mianyang.

Qiangfolk

Historie endre

Folk med namnet Qiang figurerte i inskripsjonar på orakelbein allereie under Shang-dynastiet si tid. Dei var spreidd over vestlege område, heilt frå Yunnan i sør til Gansu i nord. Dei tidlegaste må ha vore gjetarar og nomadar, skriftteiknet for namnet deira svarar til teiknet for sau. Dei heldt også oksar, hestar, esel og kamelar. Seinast frå de stridande rikas tid utvikla dei jordbruk og vart fastbuande.

 
Tradisjonelt qiang-hus

Sjølv om dei var i kontakt med xiongnuane og tidleg allierte seg med dei mot Han-dynastiet, danna qiangfolk aldri noko større rike eller føderasjon. Tvert imot var det mykje intern splid mellom dei, skal ein tru kinesiske kjelder. Qiangfolket ordna seg etterkvart inn under Han-styret. Nokre gongar tvinga av Han-riket, andre gongar frivillig. Under borgarkrigen mot Wang Mang og dei første tiåra av det austlege Han flytta mange qiang nordvestover inn i Gansu. Då Guangwu gjenerobra Gansu for Han-riket fann han store område som var kontrollert av qiang. Han-styret prøvde seg med tvangsflytting, og nokre qiang hamna til og med nær den gamle hovudstaden Chang'an i år 35 og 50. Qiangfolk svara med oppstandar, og ein periode vurderte Han-riket å gje opp områda rundt sin gamle hovudstad.

Han-riket let qiang-grupper danne eigne «indre» smårike, innanfor grensene til Han-riket. Det første vart oppretta allereie i år 60. Hundre år seinare var det slike rike i Ordos, Gansu og Sichuan.

Qiangfolket spela ei viktig rolle mot slutten av Han-dynastiet si tid. Qiang-opprør var med på å svekke Han-riket, som etter ei tid braut saman.

Etterkomarar av det gamle tangutfolket, som danna sitt eige keisarrike i det nordvestre Kina på 900-talet og herska over det i 250 år, var ein del av qiang-folket. I dag er dei fleste tangutar assimilert inn i den kinesiske befolkninga.

Bakgrunnsstoff endre