Gansu (kinesisk skrift 甘肃, pinyin Gānsù) er ein provins nordvest i Folkerepublikken Kina. På kinesisk vert han ofte nemnd med forkortinga 甘 Gan. Han grensar til Mongolia, Indre Mongolia og Ningxia i nord, Xinjiang og Qinghai i vest, Sichuan i sør, og Shaanxi i aust. Gansu har store førekomstar av ulike mineral. Mange av plantane som vert nytta av kinesisk medisin veks i provinsen. Provinsen har ei flatevidd på 364 186 km². Folketalet vart i 2010 berekna til 26,35 millionar. Lanzhou, hovudstaden i provinsen, ligg i søraust.

河北
Gānsù
Uttale
Plassering
Kart over Kina. Gansu er merka i raudt.
Kart over Kina. Gansu er merka i raudt.
Kart over Kina. Gansu er merka i raudt.
Styresmakter
Land Folkerepublikken Kina
Hovudstad
Leiar Ren Zhenhe
Geografi
Flatevidd 453 700 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2010[1])
   - folketettleik

25 575 254
  56,4 /km²
Annan informasjon
Nettstad: http://www.gansu.gov.cn/

Geografi endre

 
Utsyn over elvedalen langs Daxia i Linxia fylke, med eit løssplatå og eit elvegjel (canyon) til høgre

Provinsen er langstrakt i form, det er om lag 1 000 km frå aust til vest. Han ligg mellom det tibetanske platået i sør og løssplatået. Delar av Gobiørkenen strekker seg inn i Gansu, til liks med mindre delar av ørkenane Badain Jaran og Tengger. Landskapet i Gansu er fjellrikt i sør og flatt i nord. Fjella i sør er ein del av fjellkjeda Qilian. 5 547 meter høge Qilian Shan er den høgste fjelltoppen i Gansu. Han ligg på 39°N og 99°A. Ein naturleg landpassasje innom Gansu, kjend som Hexi-korridoren, strekker seg ei 1 000 km frå Lanzhou mot vest. Han skil Gobiørkenen i nord frå fjellkjeda Qilian i sør. Elva Huang He renn gjennom den sørlegaste delen av provinsen. Kinas geografiske midtpunkt ligg i provinsen, markert med eit monument på 35|50|40.9|nordleg breidd og 103|27|7.5|austleg lengd.[2]

Klima endre

Gansu har eit turt til halvturt, kontinentalt klima. Somrane er varme, medan vintrane er svært kalde. Størstedelen av nedbøren fell i sommarmånadene.

Demografi endre

Størstedelen av menneska i Gansu, 92%, er hankinesarar. Mellom minoritetane finst huifolk, tibetanarar, dongxiangfolk, tufolk, mandsjuar, uighurar, yugurar, bonan, mongolar, salar, og kazakhar.

73 % av innbyggarane i Gansu bur på landsbygda.

Administrasjonseiningar endre

Gansu er delt inn i 14 einingar på prefekturnivå (12 byprefektur og 2 autonome prefektur).

Kart # Namn Hanzi Pinyin Administrativt sete Type
 
1 Jiuquan 酒泉市 Jiǔquán Shì Suzhou Byprefektur
2 Jiayuguan 嘉峪关市 Jiāyùguān Shì Jiayuguan Byprefektur
3 Zhangye 张掖市 Zhāngyè Shì Ganzhou Byprefektur
4 Jinchang 金昌市 Jiǔquán Shì Jinchuan Byprefektur
5 Wuwei 武威市 Wǔwēi Shì Liangzhou Byprefektur
6 Baiyin 白银市 Báiyín Shì Baiyin Byprefektur
7 Lanzhou 兰州市 Lánzhōu Shì Chengguan Byprefektur
8 Linxia 临夏回族自治州 Línxià Huízú Zìzhìzhōu Linxia Autonomt prefektur
9 Gannan 甘南藏族自治州 Gānnán Zāngzú Zìzhìzhōu Hezuo Autonomt prefektur
10 Dingxi 定西市 Dìngxī Shì Anding Byprefektur
11 Longnan 陇南市 Lǒngnán Shì Wudu Byprefektur
12 Tianshui 天水市 Tiānshuǐ Shì Qinzhou Byprefektur
13 Pingliang 平凉市 Píngliàng Shì Kongtong Byprefektur
14 Qingyang 庆阳市 Qìngyáng Shì Xifeng Byprefektur

Dei 14 einingane på prefekturnivå er delt opp i til saman 86 einingar på fylkesnivå (17 distrikt, 4 byfylke, 58 fylke og 7 autonome fylke). Desse er så delt opp i til saman 1 348 einingar på kommunenivå (457 bykommunar, 740 kommunar, 30 etniske kommunar og 121 underdistrikt).

Økonomi endre

Landbruket i Gansu produserer omtrent ein femtedel av bruttonasjonalprodukt, men sysselset tre femtedelar av arbeidsstyrken. Viktigaste avlingane kjem frå kornslag som kveite, mais og hirse. Klimaet tillet ikkje dyrking av ris. I tillegg dyrkar ein grønsaker og belgfrukter, særleg soyabønner. Gansu er også ein viktig produsent av bomull, nøtter, linolje og melonar. Feavlen vert dominert av geiter, sauer og grisar. Gansu er kjent som ei kjelde for viltveksande, medisinske urter brukt i kinesisk medisin.

Om lag 20% av arbeidstakarane i provinsen arbeider i sekundærnæringane, som står for 45% av bruttonasjonalprodukt. Gansus økonomi er sterkt basert på gruvedrift og utvinning av mineral, spesielt av sjeldne jordmetall. Provinsen har større førekomstar av antimon, krom, kol, kobolt, kopar, flusspat, gips, iridium, jarnmalm, bly, kalkstein, kvikksølv, mirabilitt, nikkel, råolje, platina, magnetkis, wolfram og sink. Nikkelførekomstane er dei største i Kina og står for over 90% av Kinas totale nikkelreservar. To større olje- og naturgassfelt ligg i høvesvis Yumen og Changqing.

Sekundærnæringane er i stor grad prega av statsforetak, som genererer tre-fjerdedeler av industriproduksjonen. Viktige industrielle produkt frå tungindustrien og annan industri er petrokjemiske produkt, oljeleitingsmaskinar og byggevarer. Provinsen har trass i turt klima ganske stor kraftproduksjon, og skal visstnok vere eit sentrum for Kinas atomindustri.

Tertiærnæringane har generert om lag 36% av bruttonasjonalprodukt. Dei viktigaste næringsgreinene her er handel og transport. Turisme spelar ei stadig viktigare rolle og har vorte ei vesentleg inntektskjelde. Dei største attraksjonane er den kinesiske muren, buddhistiske grottetempel og det ville landskapet i Gobiørkenen.

Trass i veksten i Gansu og den blomstrande økonomien i resten av Kina, er Gansu framleis ein av dei fattigaste provinsane i Kina.

Historie endre

 
Den kinesiske muren ved Yumenguan, frå Han-dynastiet (202 fvt.–220)
 
Utanfor Mogaogrottene

Gansu var ein utpost som hadde stor strategisk verd, og som var ein viktig del av kommunikasjonslinjene til keisardømet. Gjennom Hexi-korridoren gjekk ei viktig reiserute. Han-dynastiet forlenga Den kinesiske muren gjennom Hexi-korridoren, og i 121 fvt. vart festningane Zhangyi, Dunhuang, Wuwei og Jiuquan bygde.[3]

Sentralregjeringane i det tidlege Kina hadde einast tidvis større kontroll med landområda i Gansu.

Under Han-dynastiet auka handelen langs silkevegen mellom Kina og Sentral-Asia og rike langt vest i Eurasia. Denne utviklinga påverka også Gansu.

Handelen minka av, særleg på 100-talet, grunna stadige krigar og konfliktar. Omtrent samstundes vart buddhismen kjent i Kina, via gamle handelsvegar gjennom Gansu. To av dei fire største buddhistiske tempelgruppene og -grottene i Kina, Mogaogrottene og Binglingtempelet, ligg i Gansu.

På 300-talet stoppa Toba-oppstanden handelen langs Silkevegen. Gansu vart sidan styrt av ei rekke dynasti som stamma frå, eller var i slekt med tobaene. Seint på 500-talet kom Sui-dynastiet til makta, som var utgått frå ein av tobaherskarane. Suidynastiet samla Kina til eitt rike att, og utvida grensene vestover. Den kinesiske muren vart forlengd vestover, inn i dagens Gansu. Provinsen fekk då namnet sitt, som er sett saman av namna på de to prefektura (州) Gan (rundt Zhangye) og Su (rundt Jiuquan).

Suidynastiet sin politikk vart ført vidare av Tang-dynastiet. Muren vart lengd til Dunhuang og det kinesiske riket vart utvida langt vestover. Det kinesiske hegemoniet låg jamnt under press frå sentralasiatiske folk som uighurane og tibetanarane. I 751 tapte den kinesiske hæren eit slag mot islamske styrkar i Sentralasia, og i 781 erobra tibetanarane Dunhuang og heldt byen i mange tiår.

På 900- og 1000-talet danna dei buddhistiske tangutane eit mektig rike i Gansu, kalla Xia-dynastiet. Dette riket prøvde seinare å erobre heile Kina, eit forsøk som mislukkast i 1044. Tangutene dominerte Nordkina i lang tid. I 1227 vart det då svekka Xia-riket knust av mongolane. Mongolane danna seinare Yuan-dynastiet og la på ny Gansu under det kinesiske riket. Under det mongolske styret flytta mange frå Sentralasia til Gansu.

Under Ming- og seinare Qing-dynastiet var Gansu og særleg hovudstaden, Lanzhou, den viktigaste basen for kinesisk ekspansjonspolitikk mot vest. Særleg frå 1700-talet hamna Qinghai og store delar av Tibet under kinesisk herredømme. Åra 1781-84 og 1862-1877 gjorde huifolk opprør mot sentralmakta, begge oppstandane vart knust. I 1880-åra vart Xinjiang (Aust-Turkestan) til kinesisk provins. Gansu var då ikkje lenger grenseland. Mange muslimar flytta inn i regionen i tida etter. Muslimane vart diskriminerte av den kinesiske majoriteten, og gjorde opprør. Sjølv om opprøret vart knust, kom det stadige oppstandar i Gansu og Qinghai fram til 1895. Den muslimske befolkninga i dei to provinsane minka mykje i perioden.

Føre panthayoppstanden hadde Gansuprovinsen eit stort tal hui-muslimar, som i stor grad vart utrydda av Qing-styret.

Etter Qing-dynastiet fall vart Gansu styrt av krigsherren Feng Yuxiang. Han braut med Kuomintang, men tapte i slag mot Kuomintang og deira allierte huikinesiske krigsherrar. Frå 1928 var områda herja av borgarkrig, men Kuomintang sine allierte heldt fast ved makta. Gansu gjekk klar japanske angrep under den andre kinesisk-japanske krig. I august og september 1949 vart Gansu erobra av kommunistiske styrkar og atter ein del av Kinas territorium.

Fram til 1954 vart Gansu og dei tilgrensa områda styrte av 'Det nordvestlege forvaltningsrådet'. Deretter vart Gansu eigen provins att. I 1958 vart Ningxia utskild som ein autonom region for huikinesarar. Omtrent samstundes starta kommunistane på eit industrialiseringsprogram. Ferdigbygginga av jarnbanelinja mellom Lanzhou og Urumqi var medverkande til at programmet også kunne starte opp i Gansu.

Kjelder endre

  1. «Communiqué of the National Bureau of Statistics of People's Republic of China on Major Figures of the 2010 Population Census [1] (No. 2)». National Bureau of Statistics of China. 29 April 2011. Arkivert frå originalen 27 July 2013. Henta 4 August 2013. 
  2. English.people.com.cn
  3. (Chang 2007, s. 5–8); (Di Cosmo 2002, s. 241–242); (Yü 1986, s. 391).