Quaker Peace and Social Witness
Quaker Peace & Social Witness (QPSW), tidlegare kjent som Friends Service Council og Quaker Peace and Service er ein av dei sentrale komitéane i det britiske årsmøtet til Venesamfunnet - Kvekarane - i Storbritannia. Organisasjonen jobbar for å fremja likskap, rettferd, fred, enkelheit og sanning gjennom dei britiske kvekarane, i samarbeid med både lokale og internasjonale pressgrupper. I 1947 delte organisasjonen, som då heitte Friends Service Council Nobels fredspris med den amerikanske motparten, American Friends Service Committee.[1]
Quaker Peace and Social Witness | |||
Skipa | 1927 | ||
---|---|---|---|
Nettstad | https://www.quaker.org.uk/ |
Organisasjonen jobbar både i Storbritannia og globalt. QPSW driv m.a. freds- og hjelpearbeid i Uganda, det tidlegare Jugoslavia, Midtausten og Sør-Asia samt gjennom SN.
Røtene til QPSW ligg i misjonsarbeidet som vart gjort i kvekarorganisasjonen Friends Foreign Mission Association (1868–1927). Då misjonsarbeidet avtok, slo misjonsorganisasjonen seg saman med Council for International Service (1919–1927) og skipa Friends Service Council i 1927. Organisasjonen bar namnet Quaker Peace and Service frå 1979–2000, og er kjent som Quaker Peace & Social Witness sidan 2001.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Quaker Peace & Social Witness» frå Wikipedia på engelsk, den 6. november 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- QPSW si nettside Arkivert 2012-04-15 ved Wayback Machine.
- Quaker United Nations Office
- Mundus – Arkiva til QPSW