American Friends Service Committee

American Friends Service Committee (AFSC) er ein organisasjon knytt til Venesamfunnet (Kvekarane) som arbeider for fred og sosial rettferd i USA og i verda elles. AFSC blei grunnlagt i 1917 av USA-amerikanske medlemmer av Venesamfunnet for å hjelpa sivile offer i fyrste verdskrigen. Kvekarane går tradisjonelt imot all form for valdsbruk, og det er difor mange av dei som nektar å gå inn i militæret, sjølv når dei er bundne av verneplikt. Det opphavlege målet til AFSC voks fram frå behovet for å gje militærnektarar av samvitsgrunnar eit konstruktivt alternativ til militærteneste. I 1947 mottok AFSC Nobels fredspris saman med British Friends Service Council (i dag Quaker Peace and Social Witness).[1]

American Friends Service Committee

Type501(c)(3)-organisasjon
Skipa30. april 1917
HovudkontorPhiladelphia
Nettstadhttps://afsc.org Sjå dette på Wikidata

Historie endre

In april 1917, nokre dagar etter at Sambandsstatane hadde gått in i fyrste verdskrigen ved å erklæra krig mot Tyskland og deira allierte, møttest ei gruppe kvekarar i Philadelphia for å diskutera verneplikta og korleis den ville påverka medlemmar av fredskyrkjer som kvekarane, mennonittane, Church of the Brethren og Amish-samfunnet.

Vidare utvikla dei planar som omhandla den USA-amerikanske hæren, sidan han ikkje hadde behandla religiøse militærnektarar konsekvent i tidlegare krigar. Sjølv om medlemmar i pasifistiske kyrkjesamfunn fekk sleppa unna verneplikta på lovleg grunnlag, vart lova tolka på ei rekkje måtar når ein kalla inn vernepliktige. Mange kvekarar og andre militærnektarar fekk ordre om å rapportera seg til militærleirar for militærteneste. Nokre av desse, som ikkje var klar over kva denne plikta innebar, oppdaga at det militære tolka rapporteringa som kampvilje. Ein av dei fyrste oppgåvene for AFSC var å identifisera militærnektarar på samvitsgrunnlag, finna leirane dei oppheldt seg i og gå på besøk til dei for å gje dei åndeleg leiing og moralsk støtte. I område der dei pasifistiske kyrkjesamfunna stod sterkt (t.d. Pennsylvania), var det stor vilje frå det militære si side til å visa militærnektarane til AFSC for å gjera alternativ teneste der.[2]

I tillegg til å leia alternative tenesteprogram for militærnektarar, samla AFSC inn mat, klede og andre forsyningar til flyktningar i Frankrike. Kvekarane vart bedt om å samla inn gamle klede for å laga nye, dyrka frukt og grønsaker, hermetisera dei og senda dei til AFSC sine hovudkvarter i Philadelphia. Deretter sende AFSC varene til Frankrike til å fordelast. Unge menn og kvinner vart sende til Frankrike på arbeid, der dei jobba med britiske kvekarar og gav hjelp og medisinsk omsorg til flyktningane, reparerte og bygde opp att bustadhus, hjelpte bønder med å så i åkrar som var blitt skada av krigen og grunnla ei fødestove. Då krigen tok slutt i 1918, tok AFSC til å jobba i Russland, Serbia og Polen med foreldrelause born, samt sveltande og sjuke menneske, og i Tyskland og Austerrike sette dei opp kjøken for å gje mat til svoltne born.

I løpet av 1930-åra og andre verdskrigen var AFSC aktivt involvert i å hjelpa flyktningar å røma frå Nazi-Tyskland, gje hjelp til born på begge sidene av den spanske borgarkrigen samt til flyktningane i Frankrike under Vichy-regimet.[3] Samtidig hjelpte AFSC japansk-amerikanarar då dei vart tekne til fange i USA i 1940-åra og dreiv fleire leirar for sivilteneste for den nye generasjonen med militærnektarar på samvitsgrunnlag. Då krigen tok slutt, dreiv dei hjelpearbeid og gjenoppbygging i Europa, Japan, India og Kina. I 1947 hjelpte dei flyktningar å slå seg ned att under delinga av Britisk India samt på Gazastripa. Mellom 1937 og 1943 bygde AFSC Penn-Craft-samfunnet for arbeidslause kolgruvearbeidarar i Fayette County i Pennsylvania.[4]

den kalde krigen auka i intensitet, var AFSC involvert i hjelpearbeid som ofte var retta mot sivile på begge sider av konfliktar rundt i verda, t.d. Koreakrigen, oppstanden i Ungarn i 1956, Algeriekrigen og krigen mellom Nigeria og Biafra. Frå og med 1966 utvikla AFSC hjelpeprogram for born og skaffa medisinske forsyningar og protesar til sivile i både Nord-Vietnam og Sør-Vietnam.

I 1955 gav komitéen ut heftet Speak Truth to Power: A Quaker Search for an Alternative to Violence.[5] Den 71 sider lange trykksaka fokuserte på den kalde krigen og hadde til uttrykt førermål "å gje ein praktisk demonstrasjon av kjærleikens effektivitet i menneskelege relasjonar."[6] Heftet fekk stor merksemd i både religiøs og sekulær presse og skulle bli eit viktig standpunkt for den kristne pasifismen.

I Sambandsstatane støtta AFSC Borgarrettsrørsla og rettane til Afro-amerikanarar, indianarar, samt amerikanarar med meksikansk eller asiatisk opphav. Sidan 1970-talet har AFSC også jobba intensivt som ein del av fredsrørsla, særleg med å stansa produksjon og frakt av atomvåpen.

Program og prosjekt endre

Dagens AFSC-program gjeld ei vidt spekter med saker, nasjonar og samfunn. AFSC skildrar programma som sameinte ved "den urokkelege trua i den essensielle verdien av kvart menneske, ikkje-vald som den rette vegen å løysa konflikt på og kjærleikens kraft til å vinna over undertrykking, diskriminering og vald."[7]

AFSC har meir enn to hundre tilsette som er engasjert i fleire titals program i USA og tretten andre land.[8] AFSC har delt inn programma sine i 14 geografiske regionar som kvar og ein driv program knytt til fred, rettar for innvandrarar, forsoningsmøte, økonomisk rettferd og andre føremål.[9] AFSC sine internasjonale program samarbeider ofte med Quaker Peace and Social Witness og andre partnarar.

AFSC skaffar også administrativ støtte til kvekarane sitt SN-kontor i byen New York. Dette kontoret representerer den offisielle røysta til kvekarsamfunnet i hovudkvartera til dei sameinte nasjonane. Kvekarsmfunnet har òg eit anna SN-kontor i Geneve som får støtte frå det europeiske kvekarsamfunnet. Desse kontora er underordna Friends World Committee for Consultation.

AFSC driftar mange hjelpeprogram på verdsbasis. I den årlege organisasjonsrapporten for 2010[10] kan ein lesa om hjelpearbeid i fleire afrikanske land, Haiti, Indonesia og USA. Nyleg opna AFSC ei omreisande kunstutstilling som går under namnet Windows & Mirrors, og set fokus på verknaden krigen i Afghanistan har hatt på dei sivile.[11]

Cost of War-prosjektet endre

Cost of War (krigskostnad) er utstillingar der ein kan sjå eit overslag på krigskostnaden av Irak-krigen og krigen i Afghanistan. Utstillingane blir drivne av National Priorities Project.[12] Den 1. juni 2010 hadde krigane eit kombinert kostnadsoverslag på over 1 billion dollar, (Irak-krigen om lag 725 milliardar dollar og krigen i Afghanistan ca. 275 milliardar). Tala er basert på rapportar frå kongressen i USA og inkluderer ikkje "framtidig medisinsk omsorg for dei såra soldatane og veteranane i krigen".[13]

Basert på desse utrekningane, laga AFSC ei utstilling med 10 store faner der ein kan lesa kva kostnaden av éin dag i Irak-krigen kunne ha vore brukt på. På fanene står det:[14]

  • Éin dag av Irak-krigen = 720 millionar dollar, korleis ville du brukt dei?
  • Éin dag av Irak-krigen = 84 nye barneskular
  • Éin dag av Irak-krigen = 12,478 barneskulelærarar
  • Éin dag av Irak-krigen = 95,364 Head Start-plasser for born
  • Éin dag av Irak-krigen = 1,153,846 born med gratis matpakke på skulen
  • Éin dag av Irak-krigen = 34,904 fireårsstipend for universitetsstudentar
  • Éin dag av Irak-krigen = 163,525 menneske med helseomsorg
  • Éin dag av Irak-krigen = 423,529 born med helseomsorg
  • Éin dag av Irak-krigen = 6,482 familiar med bustader
  • Éin dag av Irak-krigen = 1,274,336 bustader med fornybar energi

Nett no finst det 22 Cost of War-utstillingar i ulike statar i USA.

AFSC mottek mykje kritikk frå sosialt konservative grupper for å vera mot krig, for innvandring til USA og mot dødsstraff. I løpet av historia har FBI og andre offentlege instansar overvaka arbeidet til AFSC og liknande organisasjonar[15][16][17]

Sidan 1970-åra har det også kome kritikk frå liberale medlemmar av Venesamfunnet, som meiner at AFSC har forlate kvekarrøtene sine og vortne som alle andre politiske pressgrupper.[18]

Kjelder endre

  1. Nobels fredspris 1947
  2. Origin of AFSC Arkivert 2010-12-09 ved Wayback Machine. by former AFSC Archivist Jack Sutters
  3. All in the Same Boat: Non-French Women and Resistance in France, 1940-1944 Arkivert 2012-03-16 ved Wayback Machine., Hillary Mohaupt, våren 2010.
  4. «National Historic Landmarks & National Register of Historic Places in Pennsylvania». CRGIS: Cultural Resources Geographic Information System. Arkivert frå originalen (Searchable database) 21. juli 2007. Henta 6. november 2013.  Note: This includes Louis Orslene and Susan Shearer (February 1989). «National Register of Historic Places Inventory Nomination Form: Penn-Craft Historic District» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 14. juli 2014. Henta 29. januar 2012. 
  5. Wendy Chmielewski, “Speak Truth to Power: Religion, Race, and Sexuality, and Politics During the Cold War”
  6. Speak Truth to Power Arkivert 2013-11-03 ved Wayback Machine. frå AFSC sine arkiv
  7. AFSC's Our Work page; afsc.org
  8. AFSC's Where We Work page Arkivert 2011-07-09 ved Wayback Machine.; afsc.org
  9. AFSC's structure page Arkivert 2011-06-29 ved Wayback Machine.; Afsc.org
  10. Building Peace One Community at a Time: Annual Report 2010, arkivert frå originalen 1. oktober 2011, henta 6. november 2013 
  11. The official Windows and Mirrors informasjonsside.
  12. Official Site; National Priorities Project
  13. The Cost of War -- How we got the numbers, arkivert frå originalen 1. juni 2003, henta 6. november 2013 
  14. Cost of War -- How would you spend it?, arkivert frå originalen 14. august 2007, henta 6. november 2013 
  15. Washington Post article, Monitoring America
  16. Documents released under the freedom of information act are hosted on the FBI's website Arkivert 2014-12-05 ved Library of Congress Web Archives
  17. In recent years AFSC has worked with the ACLU on several efforts to end spying by local police, the FBI, the Pentagon Arkivert 2006-04-26 ved Wayback Machine. and the NSA Arkivert 2006-09-07 ved Wayback Machine. targeted at AFSC and other organizations.
  18. Chuck Fager, ed., Quaker Service at the Crossroads: American Friends, The American Friends Service Committee, and Peace and Revolution, Kimo Press, 1988.

Arkiv endre

Bakgrunnsstoff endre