Quarter
Quarter er ei gammal britisk og amerikansk måleining for lengd, masse og volum.
Som lengdeeining er èin quarter lik 1/4 yard eller 22,86 cm. Som masseeining er ein quater 1/4 hundredweight som er 12,7 kg eller 1/4 cental som er 11,34 kg. I USA vert quarter òg nytta om 1/4 ton som er 500 eller 560 pund, som er 226,8 kg eller 254 kg. Som volumeining i Storbritannia er ein quarter 1/4 chaldron som er 8 bushel eller 290 liter.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «quarter», Store norske leksikon, 23. februar 2012