Qudsaya-distriktet

Qudsaya-distriktet (arabisk منطقة قدسيا) er eit mintaqah (distrikt) i Syria som administrativt høyrer til Rif Dimashq guvernement og ligg vest for Damaskus og Qasioun. I folketeljinga i 2004 hadde det eit folketal på 105 974 innbyggjarar. Byen Qudsaya er det administrative senteret i distriktet.

Qudsaya-distriktet
distrikt
Land  Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Administrasjonsstad Qudsaya
Koordinatar 33°32′N 36°13′E / 33.533°N 36.217°E / 33.533; 36.217
Folketal 105 974  (2004)
Kart
Qudsaya-distriktet
33°32′00″N 36°13′00″E / 33.53333333°N 36.21666667°E / 33.53333333; 36.21666667
Kart som viser Qudsaya-distriktet.
Kart som viser Qudsaya-distriktet.
Kart som viser Qudsaya-distriktet.
Wikimedia Commons: Qudsaya District

Fram til 2009 var Qudsaya eit underdistrikt i Markaz Rif Dimashq-distriktet. I februar 2009 vart distriktet Qudsaya skipa og det førstnemnte underdistriktet Qudsaya fekk to underdistrikt frå Zabadani-distriktet.[1]

Inndelingar

endre

Distriktet Qudsaya er delt inn i tre underdistrikt eller nawāḥī (folketala er frå folketeljinga i 2004):

  • Qudsaya nahiyah (ناحية قدسيا): folketal 64 412[2]
  • Ayn al-Fijah nahiyah (ناحية عين الفيجة): folketal 19 584[3]
  • Al-Dimas nahiyah (ناحية الديماس): folketal 21 978[4]

Kjelder

endre