Qufu er ein by i Shandong-provinsen nordaust i Kina. Han er kjend som fødeplassen til Konfutse, og huser tempelet og grava hans, i tillegg til slektshuset til Kong-familien, etterkomarane til denne viktige tenkjaren. Desse bygga har stått på UNESCO si verdsarvliste sidan 1994.

曲阜 (Qūfù)
Gravstøtta til Konfutse.
Gravstøtta til Konfutse.
Gravstøtta til Konfutse.
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Shandong
Geografi
Flatevidd 814,75 km²
Flatevidd
 - By

13 300 km²
Innbyggjarar
 - By (2010)
 - Byområde

60 000
650 000
Koordinatar 35°36′N 116°59′E / 35.600°N 116.983°E / 35.600; 116.983
Høgd over havet 65 m
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Heimeside: http://www.qufu.gov.cn/
Huset til Kong-familien.

Byen var hovudstad for Lu-staten under Vår- og haustannaltida. I dag har Qufu rundt 60 000 innbyggjarar, men administrerer eit område der det bur 650 000. Han ligg om lag 13 mil sør for provinshovudstaden Jinan.

Kart over Konfutse-tempelet frå 1912.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Qufu
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.