Quincy Jonas Edward Samuel Douglas (fødd 7. september 1975 er ein norsk tidlegare sprintar frå Bergen, fødd i England. Han vart norsk meister på 400 meter ni gongar i tida 1996-2007 og vann ni NM-gull i 1000 meter stafett for Gular i perioden 1994-2007.

Quincy Douglas
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. september 1975 (48 år)
Oxford
Idrett friidrett

Aktiv endre

Quincy Douglas, som er ein yngre bror av Atle Douglas, spesialiserte seg på 400 meter. Han vart noregsmeister på distansen 1996-97, 1999-2001 og 2004-2007. Den 24. mai 1997 sletta han den tre år gamle noregsrekorden på 400 meter då han i Florø fekk notert 46,46 sekund, nøyaktig ein månad seinare forbetra han rekorden til 46,33 i Luzern. 29. mai 1999 flytta Douglas noregsrekorden til 46,19 i Florø. Vel ein månad seinare på Bislett stadion i Oslo sprang han i mål på tida 46,11 sekund, ein norsk rekord som vart ståande i 17 år.

Douglas var medlem i idrettslaget Gular. Åra 1994, 1997. 1999-2002, 2004, 2006-07 sprang han tredje eller fjerde etappe for Gular-mannskapa som sigra i 1000 m stafett under NM i friidrett. Han var elles ein habil 200-meterløpar med personbeste på 21,01 sekund, oppnådd i 2000. På den distansen sanka han to NM-sølv og like mange NM-bronsar.

Kjelder endre