For andre tydingar av oppslagsordet, sjå romanen Quo vadis.

Quo vadis eller Quo vadis, Domine ('Kvar går du, Herre?') er eit latinsk sitat som ifølgje tidlege kristne overleveringar var spørsmålet apostelen Peter stilte Jesus Kristus då denne viste seg for han på Via Appia like utanfor Roma. Kristus svarte at han var på veg til Roma for å la seg krossfesta for andre gong. Dette fann stad då Peter var på flukt frå Nero sine forfølgingar. Orda frå Kristus fekk Peter til å venda tilbake, og han døydde som martyr i Roma, krossfesta med hovudet ned.[1]

Domine, Quo Vadis. Teikning av Jacopo Vignali frå 1600-talet.

Soga og sitatet blei berømt gjennom romanen Quo vadis av den polske forfatteren Henryk Sienkiewicz frå 1895. Romanen blei omsett til rundt 30 språk, og bidrog til at Sienkiewicz vann Nobelprisen i litteratur i 1905.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Seim, Turid Karlsen (20. februar 2018). «Quo vadis». Store norske leksikon (på norsk).