Romanen Quo vadis

Quo vadis er ein historisk roman av den polske forfattaren Henryk Sienkiewicz, første gong gjeven ut i 1896.

Quo vadis

Den polske utgåve frå 1896
Forfattar(ar)Henryk Sienkiewicz
Språkpolsk
Blei til1895
SjangerHistorisk fiksjon
Utgjeven1896

Tittelen er latin og tyder «Kor går du hen?» Det tyder til Johannesevangeliet kapittel 13, vers 36, såvel som legenda frå dei Dei apokryfe skriftene Peters gjerningar der apostelen Peter under ei flukt frå Roma, i eit syn ser Jesus og spør han: «Quo vadis, Domine?» (Kor går du hen, Herre?).

Romanen til Sienkiewicz føregår i Roma under keisar Nero sine forfølgingar av den spreidde kristne forsamlinga. Han skildrar kjærleiken mellom den unge kristne kvinna Lygia og den romerske offiseren Marcus Vinicius, som nyleg er komen sigrande tilbake frå England. Konfrontert med det enkle, kristne levesettet og den åndelege krafta, samanlikna med den romerske verdslege dekadente luksusen, vel Marcus Vinicius kristendomen.

Henryk Sienkiewicz vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 1905, vesentleg på bakgrunn av boka.

Romanen er filmatisert minst sju gonger. Den meste kjende versjonen er Quo Vadis (1951) med Robert Taylor som Marcus Vinicius og Deborah Kerr som Lygia.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre