Rättvik
60°53′00″N 15°08′00″E / 60.88333°N 15.13333°E
Rättvik er ein svensk by og centralort i Rättvik kommun i Dalarnas län i landskapet Dalarna. I 2011 hadde byen 4 686 innbyggjarar.
Rättviks kommun ligg ved den austlege delen av Siljan mellom Falun og Mora i Dalarna.
Rättvik ligg i eit område som er prega av tradisjonelt jord- og skogbruk. Sidan midten av 1900-talet har Rättvik vore ein populær turiststad, og kulturlivet lokkar framleis mange turister frå heile verda. Blant arrangementa kan nemnast Rättviks marknad, Musik vid Siljan og Classic Car Week.
Den 628 meter lange Långbryggan er ei bru ut til ein liten øy i Siljan. På Hedsåsberget finn ein det 28 meter høye og over 100 år gamle tretårnet Vidablick.