Råstølen haldeplass
Råstølen er ein haldeplass på linje 1 på Bybanen i Bergen. Haldeplassen vart teke i bruk 15. august 2016, saman med dei andre haldeplassane på strekninga Lagunen-Birkelandsskiftet av byggjesteg nummer tre på Bybanen. Det vart då opna for ordinær drift mellom Lagunen haldeplass og Birkelandsskiftet terminal.[1][2][3]
Råstølen | |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Rå i Ytrebygda i Bergen |
Opna | 15. august 2016 |
Plattformer | 2 |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Bybanen |
Operatør(ar) | På vegne av Skyss: Keolis Norge |
Overgang | |
Haldeplassen ligg på Rå i Ytrebygda, i eit strok med mange bustadblokker.
Fotnotar
endre- ↑ «Fra Lagunen til Flesland» (PDF). Hordaland fylkeskommune. Henta 11. januar 2015.
- ↑ «Bybanen setter spor» (PDF). Hordaland fylkeskommune. Henta 11. januar 2015.
- ↑ «Holdeplasser». Bybanen AS. Henta 11. januar 2015.