Røa kyrkje

kyrkje i Oslo

Røa kyrkje ei langkyrkje frå 1939 i Oslo kommune. Det er om lag 300 sitjeplassar i sjølve kyrkjesalen og 200 i salen for kyrkjelyden, som står vinkelrett på kyrkjesalen. Kyrkja kan altså kallast ei slags arbeidskyrkje.

Røa kyrkje
kyrkje
Foto: Erlend Bjørtvedt
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Vestre Aker
Sokn Røa
Fellesråd Oslo
Arkitekt Georg Greve
Material Armert betong forblenda med teglstein
Innvigd 12. november 1939
 - Endringar 1964 (interiør), 1968 (kontorfløy)
Klokker 3, Olsen Nauen Klokkestøperi
Kyrkjegard Nei
Preikestol 1939
Døypefont 1939
Orgel Ryde og Berg, 2005[1]
Sitjeplassar 300–500
Diverse Glasmåleri 1939 av Bernhard Greve i korvindauget. Veggteppe 1984 av Kristin Sommerfelt.
Kart
Røa kyrkje
59°56′59″N 10°38′36″E / 59.94972222°N 10.64333333°E / 59.94972222; 10.64333333
Wikimedia Commons: Røa kirke

I staden for altartavle har kyrkja eit høgt vindauge med glasmåleri på fondveggen i koret. I byrjinga vart veggen oppfatta som for naken, og i 1964 vart han måla mørkeblå i 1964 etter planar av Finn Krafft. I etterkant er det delte oppfatningar om resultatet.

Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja. Den næraste kyrkjegarden er ved Voksen kyrkje.

Fotnotar endre

  1. Spesifikasjonar hjå Ryde og Berg.

Litteratur endre

  • Aspenberg, Nils Carl (1999). Røa kirke 60 år. Oslo: Røa menighet / Baneforlaget. ISBN 82-91448-30-2. 
  • Kirkebøe, M.C. (2007). Knut Arve Tvedt og Øyvind Reisegg, red. Oslos kirker i gammel og ny tid (2 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 112-113. ISBN 978-82-573-1946-5. 
  • Tvedt, Knut Are, red. (2010). Oslo byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 476-477. ISBN 978-82-573-1760-7. 
  • Dale, Einar og Havran, Jiri (2008). Kirker i Norge, bind 6: Modernismen. 1900-tallet. Oslo: ARFO. s. 78-81. ISBN 978-82-91399-12-6. 

Bakgrunnsstoff endre