Opna hovudmenyen
Utsyn over Rødenes og Rødenessjøen

Rødenes er ei bygd og ein tidlegare kommune i Østfold. Bygda Rødenes høyrer til Marker kommune og ligg på begge sider av Rødenessjøen, eit vatn i Haldenvassdraget, tettast er busetnaden på austsida av vatnet. Heradet dekte ei flatevidd på 208 km², med 1 395 ibuarar i 1950.

Rødenes er ei skogbygd med låge åsar, den høgste er Lysingvasshøgda på 306 moh. Tre fjerdedelar av landarealet er skogkledd. Her er mange myrar og om lag 130 småvatn. Berggrunnen er grunnfjellsgneis, jorda består mest av mager og sandblanda leire.

Folketalet i Rødenes var 1 378 i 1900, gjekk ned til 1 257 i 1920 for så å stige til ein topp i 1950. Då Rødenes og Øymark i 1964 vart til den nye kommunen Marker, hadde Rødenes 1 314 ibuarar. I 1950 var 971 av ibuarane sysselsett i jord- og skogbruk, 402 personar i andre yrke.

Rødenes vart herja i fleire av krigane med Sverige, særleg i 1716. Fram til 1901 femna Rødenes også om Rømskog.

KjelderEndra

  • Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1960