Rødtvet kyrkje

kyrkje i Oslo

Koordinatar: 59°57′26″N 10°52′7″E

Rødtvet kyrkje frå 1978 er i Oslo kommune. Rødtvet sokn vart utskilt frå Grorud i 1972, men i 2012 vart sokna slått saman att.[1].

Rødtvet kyrkje
Rødtvet kirke
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Østre Aker-Groruddalen
Sokn Grorud
Fellesråd Oslo
Stad Oslo
Type Arbeidskyrkje
Arkitekt Erik Anker
Teknikk Mur
Material Teglstein (forblending)
Innvigd 3. desember 1978
Stopul Frittståande, 30 m frå kyrkja
Kyrkjegard Nei
Orgel J.H. Jørgensen, 1979-80
Sitjeplassar 600
Diverse Glasmåleri av Veslemøy Nystedt Stoltenberg (1993) og Oddmund Kristiansen (1928). Klokkespel (12 klokker) fra Olsen Nauen Klokkestøperi i det frittståande klokketårnet. Keramikkross av Konrad Galaaen i fasaden.
Kart
Rødtvet kyrkje
59°57′26″ N 10°52′7″ E
Wikimedia Commons: Rødtvet kirke

Dette er ei typisk arbeidskyrkje satt saman av forskjellige volum med pulttak. Bygget er forblenda med teglstein, og eit frittståande klokketårn står om lag 30 meter frå kyrkja. I det er eit klokkespel med 12 klokker frå Olsen Nauen Klokkestøperi av om lag same type som ved Bredtvet kyrkje.

Det er ikkje gravplass ved kyrkja.

Fotnotar Endra

  1. Pressemelding frå Oslo bispedømmeråd

Litteratur Endra

  • Kirkebøe, M.C. (2007). Knut Arve Tvedt og Øyvind Reisegg, red. Oslos kirker i gammel og ny tid (2 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 95. ISBN 978-82-573-1946-5. 
  • Tvedt, Knut Are, red. (2010). Oslo byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 478. ISBN 978-82-573-1760-7. 

Bakgrunnsstoff Endra

  Denne kyrkjeartikkelen som har med Oslo å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.