Rømer
Rømer er drikkekar til vin og brennevin, i seinare tid helst brukt som kvitvinglas. Rømeren har buka klokke på ein sylinder- eller trompetforma stett. Rømerar er gjerne laga i glas, men også i metall. Forma ser ut til å ha utvikla seg i Rhinområdet på 1400-talet.
I løpet av 1600-talet lærte ein å laga vassklart glas, men rømeren blei framleis laga i farga glas. Han vart svært populær i store delar av Nord-Europa og blei laga i store mengder i Holland på 1600-talet.[1] På slutten av 1500-talet byrjar gullsmedane å laga rømerar av sølv. Desse blei populære på 1600-talet, men gjekk av moten tidleg på 1700-talet.[2]
Rømerar av glas er gjerne laga heilt eller delvis av grønt eller brunt materiale, og dei er ofte dekorerte med knoppar eller rosettar. Rømerar rommar gjerne frå 0,10 til 0,3 liter, men eldre rømerar kan òg vera større.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rømer (drikkekar)» frå Wikipedia på bokmål, den 16. mai 2020.
Litteratur
endre- Norheim, Per Terje (1997): Norske sølvbegre. Gullsmedkunst i 300 år fra 1550 – 1850. Oslo. ISBN 82-512-0524-7
- Polak, Ada (1974): Gamle vinglass. Oslo. ISBN 82-7003-005-8
- Østby, Jon Birger (1983): Nomenklatur for drikkestell, med tegninger av Torill Sand. Oslo[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
endre- Rømerar i glas ved DigitaltMuseum
- Rørmer-beger ved DigitaltMuseum