SS-18

(Omdirigert frå R-36)

SS-18 eller R36 (russisk P-36) er ei gruppe interkontinentale ballistiske missil (ICBM) og rakettar for utplassering av satellittar som vart utvikla av Sovjetunionen under Den kalde krigen. Den første utgåva av R-36 fekk NATO-kallenamn SS-9 medan den siste utgåva, R-36M, vert kalla SS-18 Satan av NATO. Denne versjonen gav Sovjet såkalla førsteslagskapasitet i høve til USA sine landbaserte ICBM-ar grunna dens store nyttelast (Throw-weight).

Utviklinga av R-36 byrja i Ukraina i 1962. Dei bygde på R-16, og den første utgåva av missilet var operativt i 1966. R-36M vart utplassert frå 1975 og har gjennomgått seks oppgraderingar. R-36M har vore utstyrt med MIRV for 10 stridshovud. Den maksimale mengda R-36M utplassert var 308 missil, ved oppløysinga av Sovjetunionen var 104 av desse lokaliserte i Kasakhstan og dei vart etterkvart destruerte. Russland har planlagt å ha missilet operativt fram til 2020 og underteikna i 2006 ei avtale med Ukraina om vedlikehald.

Kjelder endre