Opna hovudmenyen
RS 7 «Bergen»
Status:  Forlis
Leverandør:  Rasmus Rolfsen
Verft:  Nyhavns Værft, Bergen
Konstruktør:  Colin Archer og Oluf Joachim Hilmar
Byggjeår:  1895
Byggjepris:  9986,26 kroner
Oppkalla etter:  Bergen
Finansiering:  Ti bergensarar gav kvar kr 1000
Eigenskapar
Lengde:  14,05 meter
Mannskap:  4
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1895
Ut av teneste:  1907
Menneskeliv berga:  133
Fartøy berga:  35
Fartøy assistert:  224

RS 7 «Bergen» var ei redningsskøyte som vart bygd av Rasmus Rolfsen ved Nyhavns Verft i Bergen. Ho vart sjøsett i juli 1895. RS «Bergen» vart nummer 7 i skøyteregisteret til RedningsselskapetRS «Frithjof» vart stroken . RS «Bergen» vart bygd med utgangspunkt i Colin Archer sin redningsskøyteteikningar. Skipsbyggarmeister Oluf Joachim Hilmar gjorde ein del endringar i konstruksjonen. Det er usikkert kor stor del av konstruksjonen Hilmar gjorde, om det var nyteikning eller modifisering av Colin Archer sit arbeid. RS «Bergen» kosta 9986,26 kroner. Ho vart finansiert ved at ti bergenarar gav 1000 kroner kvar. Skøyta vart for det meste stajonert i Vesterålen og Lofoten.

RS «Bergen» forliste i ein orkan i januar 1907. Etter at ho hadde mist riggen natt til 23. januar vart ho kast gjennom fleire grunnbrot. Ho enda på eit skjer utanfor Stave på Andøya. Mannskapet vart redda av fire menn som tok seg ut til havaristen i open båt under svært vanskelege forhold. Redningsmenne vart heidra med Medaljen for edel dåd for denne redningsbragda. Dei fekk og gåver frå Redningsselskapet.

Vraket av RS «Bergen» vart kjøpt av to fangstmenn som ville setje henne i stand. Men før dei fekk gjort noko med henne vart ho totalvrak då ho vart kasta på land i ein ny storm. Den utvendige jarnkjølen vart liggande i fjøra til han var plassert på ein sokkel utanfor ungdomshuset på Stave, til minne om forliset og redninga.

I dei tolv åra RS «Bergen» kryssa på fiskefelta redda ho 133 personar frå ein sikker daude. Ho redda 35 fartøy. 224 fartøy fekk assistanse.

Mannskapet på RS «Bergen» vart heidra med Emile Robins belønning for krysningssesongen 1905 - 1906.

KjelderEndra

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002