RS «Tønnes Puntervold»

RS 59 «Tønnes Puntervold»
Status:  Seld
Verft:  Elvestad Mek. Verksted. Skien
Konstruktør:  Furuholmen & Scheen
Byggjeår:  1958
Byggjepris:  560 000 kroner
Oppkalla etter:  Tønnes Puntervold
Finansiering:  Byggefond i 9., 11., 13., og 14. distrikt av NSSR
Eigenskapar
Materiale: Stål
Tonnasje:  52 (BRT)
Lengde:  16,75 m
Breidde:  5,00 m
Djupgåande:  2,60 m
Bunkerkapasitet:  5,2 tonn
Motor år:  1959
Motor:  220 hk
Ny motor år:  1980
Ny motor:  242 hk
Fart:  9 knop
Rekkevidde:  1000 nautiske mil
Mannskap:  4
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1959
Ut av teneste:  1990
Menneskeliv berga:  8
Fartøy assistert:  534

RS 59 «Tønnes Puntervold» var ei redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet. Ho vart overlevert frå Elvestad Mek. Verksted i Skien, som bygde henne, 21. mai 1958. «Tønnes Puntervold» var den første av i alt seks 55 fots stålskøyter som vart bygde kring 1960.

Redningsselskapet gav skøyta namn eller Tønnes Puntervold, kjøpmann frå Eigersund, som frå 1850-talet gjorde mykje for redningssaka i Noreg.

Under teneste for Redningsselskapet redda «Tønnes Puntervold» 8 menneske frå ein sikker daude. 534 fartøy fekk assistanse.

I 1990 vart ho seld til redningsselskapet sin systerorganisasjon i Sverige; Svenska Sällskapet för Räddning af Skeppsbrutne. Dei selde henne i 1997 vidare til Jonas Moberg i Stockholm. Ho hadde då namnet «Tønnes».

Kjelder endre

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002
  • nssr.no[daud lenkje]