RS «Tordenskjold»
RS 3 «Tordenskjold» | ||
Status: | Kondemnert og senka | |
Leverandør: | Thor Jensen | |
Verft: | Eidanger Baadbyggeri, Røra, Porsgrunn | |
Konstruktør: | Colin Archer | |
Byggjeår: | 1889 | |
Finansiering: | Innsamling i Bergen | |
Eigenskapar | ||
Lengde: | 12,50 m | |
Breidde: | 4,40 m | |
Djupgåande: | 1,73 m | |
Statistikk | ||
Sett inn i teneste: | 1893 | |
Ut av teneste: | 1905 | |
Menneskeliv berga: | 81 | |
Fartøy berga: | 15 | |
Fartøy assistert: | 254 | |
RS 3 «Tordenskjold» var den eldste redningsskøyta i redningsselskapet sin flåte. Ho vart bygd av Thor Jensen på Eidanger Baadbyggeri og sjøsett 9. november 1889. Ho vart bygd som losskøyte etter Colin Archer sine teikningar, for losane på Stråholmen. Som dei andre losskøytene til Archer var ho rigga med ei mast. Ho hadde ein jarnkjøl på 1,8 tonn og 4,4 tonn i ballast.
«Tordenskjold» vart kjøpt av Bergen Kreds av NSSR. Ho vart ombygd og fekk vasstette skott, garnering og banjer. Ho kom i drift i oktober 1893. Losane i Korsfjorden hadde ansvar for å bemanne og drive skøyta første året. I 1894 overtok redningsselskapet alt ansvaret for skøyta.
Medan RS «Tordenskjold» var i redningselsskapet si teneste redda ho 81 menneske frå "ein sikker daude". Ho berga eller assisterte 269 fartøy.
Redningselsskapet selde «Tordenskjold» i 1905. Etter å ha hatt mange eigarar og mange ulike bruksområde vart skøyta kondemnert og senka i 1962.
Kjelder
endre- Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002