RS «Ulabrand III»

RS 115 «Ulabrand III»
SAR Ulabrand in operation.jpg
«Ulabrand III» i Hammerfest
Klasse:  von Koss-klassen
Verft:  Kværner Mandal AS, Mandal
Konstruktør:  NSSR og Kværner Mandal. Linjeteikningar Tor Stokke
Byggjeår:  1997
Byggjepris:  25 286 700 kroner
Oppkalla etter:  Losen Anders Jacob Johansøn (1815-81) frå Ula. Han vart kalla Ulabrand. Som RS 60.
Finansiering:  NSSR
Eigenskapar
Materiale: FRP sandwich
Lengde:  25,25 meter
Breidde:  6,20 meter
Djupgåande:  1,45 meter
Bunkerkapasitet:  22 m³
Motor år:  1997
Motor:  4 * 760 hk
Fart:  24,9 knop
Rekkevidde:  1000 nautiske mil
Mannskap:  4
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1998

RS 115 «Ulabrand III» er ei norsk redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet i 1998. Ho vart bygd ved Kværner Mandal. «Ulabrand III» har både skrog og overbygg i FRP sandwich. Byggesummen var på kr 25 286 700. «Ulabrand III» er ei av tre skøyter i von Koss-klassen Dei to første som vart bygde, RS 110 «Reidar von Koss» og RS 111 «Peter Henry von Koss», hadde skrog av aluminium.

Med ei lengd på 25,25 meter var «Ulabrand III» eit av dei største fartøya i Redningsselskapet sin flåte. I hekken er plassert ei 5 meter lang redningsbåt som han setjast ut under fart. Dei fire hovudmotorane, kvar på 925 hk, gjev «Ulabrand III» ei fart på 25 knop.

«Ulabrand III» vart finansiert av Redningsselskapet. Liksom RS 60 «Ulabrand II», fekk ho namn etter losen Anders Jacob Johansøn (1815-81) frå Ula. Han vart kalla Ulabrand.

KjelderEndra

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002